Får besøk av kunstnar

Fredag får ein sjansen til ein prat med kunstnar Eva Harr, som stiller ut i kunsten sin i Den Blå Hesten i sommar.

Fredag får kunstlaget i Måløy besøk av kunstnaren Eva Harr, som stiller ut i galleriet i sommar. Arkivfoto: Benedikte Flataker 

Kultur

Fredag kveld opnar Måløy kunstlag sesongen i galleriet Den Blå Hesten. Årets utstillar er Eva Harr, som også blir til stades på opninga.

– Kristin Maurstad skal opne utstillinga, og Laila Schult, leiar i kunstlaget ønskjer velkomen, fortel Tone Holvik-Eriksen i Måløy kunstlag.

Utsnitt av Eva Harr sin kunst, som blir å sjå på galleriet Den Blå hesten i sommar. 

Underhaldning blir det også.

– Celina Mork og Andrea Santiago Stønjum skal synge, og så blir det litt mat og drikke.

Eva Harr er ein nasjonalt anerkjend kunstnar frå Harstad. Ho er kjend for landskapsmåleri med nordnorske fjellformasjonar og dunkelt himmellys.