Håper vêrgudane spelar på lag

– Det kjekkaste er om dansen blir verande ute, men vêret kan vi dessverre ikkje styre, fortel Per-Jarle Hoddevik.

Sommarfesten blir denne laurdagen arrangert i Selje. Dette er første utgåve av arrangementet, men arrangørane håpar det blir ein årleg tradisjon. Fredag føremiddag vil arrangørane avgjere om dansen må flyttast inn i Samfunnshuset på grunn av vêret. Foto: privat 

Kultur

Laurdag er det tid for Sommarfesten i Selje sentrum, med utedans og musikk frå lokale artistar.

– På dagtid går det fint med litt regn, men vi er skeptiske til vêret på kveldstid. Blir det mykje regn, så må vi flytte dansen til samfunnshuset, fortel Hoddevik som sjekkar vêrmeldingane fleire gongar dagleg. Sol eller ikkje så trur han det blir ein flott laurdag i Selje.


– Eg håper det blir ein årleg tradisjon, fortel seljeværingen.

Ideen starta med at Hoddevik og eit par kompisar, som alle er med i Selje idrettslag, kommenterte at det hadde vore så lenge sidan det hadde blitt arrangert ein utedans.

– Og det kunne vi jo godt tenke oss å lage til. Så var det å finne rett dato og i år var det 24. juni som passa.

På programmet står alt frå vassaktivitetar på Seljesanden, grillmat i sentrum, konkurransar, livemusikk og fotballkamp.