No kan du stemme på din favoritt

På biblioteket har Måløy Havfiskefestival hengt opp plakatar med ulike fiskeslag som elevar frå dei ulike barneskulane i Vågsøy har laga. No vil festivalen ha hjelp til å kåre ein vinnar.
Kultur

– Vi startar stemminga denne helga. Publikumsstemmene vil vere 50 prosent, og så har vi ein fagjury som står for dei andre 50 prosenta, forklarar Nils Myklebust i festivalen.

Det blir høve til å stemme på sin favorittplakat heilt fram til fredag 4. august. Vinnaren, som får ein flott premie, blir kåra søndag 6. august under Måløy Havfiskefestival.


Håper å ha noko for alle

Med barnekonsert, båtbursdag, selfie-rebus og skattejakt på havbotnen som nokre av aktivitetane under festivalen, håpar Måløy Havfiskefestival at dei har noko som kan fenge barn og ungdomar.

– Det er ei stemme per publikummar. Etter at publikum har gjort seg opp ei meining finn dei både stemmeskjema og ei forsegla kasse å levere stemma si i på biblioteket, seier Myklebust.

På biblioteket heng det no 11 plakatar med oversikt over blant anna kva lyren, torsken, pigghåen og silda betyr for Norge.

Bakgrunnen for utstillinga var at i mars var Myklebust rundt på Holvik, Skram, Raudeberg, Skavøypoll og Bryggja skular for å fortelje om ulike fiskeslag, samt gi kvar klasse ein fiskesort som dei fekk i oppgåve å lære meir om.


Vil lære dei å like fisk

Om lag 100 elevar frå dei fem barneskulane i Vågsøy har den siste tida fått omvisingar på Snorre Seafood. Målet er å auke både kunnskapen om og interessa for fisk.

Og tidlegare i sommar fekk dei same elevane besøke Snorre Seafood der dei fekk lære meir om korleis dei ulike fiskeslaga ser ut, og korleis dei blir behandla.

Resultatet har blitt plakatar med bilde, informasjon, oppskrifter og teikningar som no heng på Vågsøy folkebibliotek.

– Førsteinntrykket er veldig bra. Elevane har vore flinke, så folk må kome innom å sjå, slår Myklebust fast.