Havsalt sommar:

Prøv deg på ein strike

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Midt i Måløy sentrum finn ein Brunsvik Bowling med totalt seks baner og alt utstyr. Foto: Siri Kolseth 

Kultur

Ta det kuli i bowlinghallen

Midt i Måløy sentrum kan ein teste ferdigheitene og prøve seg på ein aldri så liten strike på byens bowlingbane. Brunsvik Bowling har totalt seks baner og alt utstyr. Om ein skulle bli svolten mellom rundane, kan ein teste ein amerikansk burger eller pizza. I tillegg til bowlingbanene, er det også fleire spel, som bilspel, airhockey, flipper og ei boksemaskin som ein kan prøve seg på. Dagleg leiar Svein Tore Tytingvåg fortel at der også er moglegheiter for solarium.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.