Dei seks jentene frå Selje og Flatraket har etter kvart blitt rutinerte festivaldeltakarar etter å ha vore på Malakoff fleire år på rad. Dei meiner det går heilt fint å kle seg slik at ein både er kul og varm på same tid.

– Ein av dei viktigaste tinga vi har lært oss opp gjennom åra er å pakke praktisk. Å ta med seg ull er ein god idé dersom ein skal sove på Malakoff heile helga, seier Iselin Paris (22).

– Det er veldig bra at Malakoff har eigne slike produkt som ein kan kjøpe dersom ein til dømes har gløymd noko. Vi har brukt å kjøpe regn-poncho dei åra det har vore dårleg vær, men i år synest vi særleg at t-skjortene var veldig kule, seier jentene.

– Om det er fint vêr går vi for shorts, t-skjorte og sandalar eller converse. Om vêret er grått blir det fort støvlar og regnjakke, fortel Emilie Nyheim (22) og får støtte frå resten.

Jentene legg til alt dei alltid har med seg ei rekke andre ting som er godt å ha når ein bur i telt.

– Powerbank, våtserviettar, tørrsjampo, solbriller og ull er topp fem å pakke med seg, råder jentene.

Dei har brukt å sove i campingvogn, men i fjor testa dei ut korleis det var å bu på festivalområdet gjennom helga.

– Det var ei heilt annleis oppleving og verkeleg noko vi anbefaler! Det var fantastisk kjekt å bu der alt skjer heile tida, fortel Susanne Aarsheim (22).

I år starta dei planlegginga tidleg og satsar på ein camp med personleg stil.

– Vi har eit dokument som alle har tilgang på kor vi planlegg. I år har vi eige namn på campen, banner og pynt. Og så har vi bestilt eigne kapsar med namnet på, så vi ligg godt i rute, fortel festivaldeltakarane engasjert.

Dei legg til at dei òg har starta å høyre gjennom Malakoff sine spelelister, og meiner at festivalen utan tvil er eit høgdepunkt om sommaren.

– Det er den tingen ein ikkje treng å spør folk om dei skal på – alle er der!