– Mora mi er frå Stryn. Meir norsk blir du ikkje. Men eg er også muslim. Norske artistar har tradisjon for å skrive mørke låtar når dei er på sitt mørkaste. Slik er det også med meg. Med denne låten var det annleis, eg skreiv han då eg var på mitt mørkaste, uttalte Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid, halvparten av Karpe Diem før dei drog i gang med humoristiske Den islamske elefanten.

Duoen storkosa seg på scena framfor 12.000 publikummarar.

Ein måpande Chirag konstaterte at Martha kunne teksten på Spis din syvende sans i detalj. Dei to omfamna kvarandre og Chirag omtalte opptredenen som «legendarisk».

– Det er det største som nokon gong har skjedd meg, seier Martha Sofie Eide frå Sandane til Fjordenes Tidende.

– Denne dagen er spesiell for mange, også for meg. Det er alltid spesielt å synge denne låten akkurat på denne datoen, uttalte Magdi før dei drog i gang med Påfugl på 22. juli.

Då låten Vestkantsvartinga kom, understreka dei at han handlar om meir enn deira eigen heimby.

Malakoff har vore medvitne på at festivalen skal ha eit tydeleg rockestempel. Men i år var det hiphoparane som stal showet.

I tillegg til Karpe Diem leverte Kjartan Lauritzen eit forrykande show som fekk det til å koke framfor amfiscena. Rapparen frå Balestrand stagediva to gongar frå scena, og surfa også rundt i ein gummibåt han hadde med seg. Han traff dei unge midt i sjela med energien sin.

– Beklagar til deg som nettopp fekk 95 kilo på deg, sa han unnskyldande etter å ha kasta seg frå scenekanten.

– Eg har vore på Malakoff som publikum dei seks siste åra. Dette er ein draum.

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal oppsummerer festivalen:

– Eg er rørt, stolt og veldig takksam. Alt klaffa. Eg har ikkje fått melding om noko problem frå seksjonen som har ansvaret for tryggleik. Med publikumsrekorden på 27.500 står vi dag fram som ein av dei aller største norske festivalane. Eg veit ikkje om nokon som er større utanfor dei store byane.

Men det var små marginar. Fredagen var nær ved å bli kraftig amputert då både Biffy Clyro og Alan Walker fekk problem på vegen til Eid.

Alan Walker fekk problem på flyet frå Oslo til Sandane, og kom 15 minutt før han skulle på scena.

Då hadde arrangøren fått Fjord1 til å setje opp ekstra ferje Anda-Lote.

Festivalsjefen er klar til å handtere utfordringane også til neste år.

– Eg har sagt eg tek i alle fall eitt år til. Men jobben krev 100 prosent motivasjon.