"Ferietid":

Inviterer gjerne til eit slag badminton eller kubb

Kultur

Namn:  Cecilie Kammen
Alder:  23
Bustad:  Ørsta, men kjem frå Rovde
Sivilstand:  sambuar
Yrke:  helsefagarbeidar


– Kva er dine ferieplanar?

– Eg har reist litt rundt i Norge, Tusenfryd og Lillehammer-området. Og så har eg nettopp vore på Rhodos. Framover har vi planar om å teste teltet sambuaren min fekk i bursdagsgåve tidlegare i sommar. Kor ferda går er usikkert, men det vert nok til fjells. 

– Kva har du alltid med i kofferten og kva er ditt beste pakketips?

– Har alltid med solkrem og antibac. Mitt beste pakketips er å ta med kortstokk på tur. Det vert ofte lang ventetid og då er kortstokken eit godt tidsfordriv.

– Når slår feriekjensla til?

– Den slår inn for fullt når eg har kome fram til destinasjonen, rigga meg til og tek av meg klokka.

– Kva er ditt beste ferieminne?

– Frå då eg var lita, og vi reiste på hytta til bestefaren min på Aure. Null straum, ikkje vatn, kort og brettspel, fisking, grilling og turar i naturen. 

– Kvar hadde du reist med uavgrensa feriebudsjett?

– Då hadde det nok vore midt i blinken med ein tur til USA.

– Kva kjendis ville du tatt med deg til ei aude øy?

– Truls Svendsen. Eg hadde fått trimma lattermusklane og sikkert ikkje hatt ein kjedeleg augneblink.

– Kvar likar du best å bade?

– I anten fjellvatn eller basseng.

– Kva gjer du i hagen i sommar?

– Mykje vedlikehald og stell, men likar også å bruke hagen til leik og moro, og inviterer gjerne til badminton eller kubb.

– Kva fjelltopp er den finaste om sommaren?

– Skåratinden på Rovde er utan tvil den finaste fjelltoppen eg har vore på.

– Kva er ditt beste festivalminne?

– Countryfestivalen på Breim i 2015.

– Kva serverer du helst ein sommardag?

– Jordbær, vassmelon og grillmat.

– Kva eldsjel fortener ei korg med jordbær?

– Mammaen min! Ho står på for alle heile tida, sjeldan eit nei å få.