– Eg har vakse opp med The King både på radio og elles i heimen då eg var yngre. Det har vore ein del av musikklivet mitt, fortel Jakob Hals, om kvifor han vel å vere med på markeringa som blir under Elvisfestivalen.

Suksessoppskrift

Saman med fire andre lokale solistar og åtte lokale koristar sørgar han for at dette blir den utgåva av festivalen med flest lokale aktørar nokon gong.

– Eg trur dette har sitt å seie for suksessen. Det er kjekt for publikum, som kanskje er litt spente på kva dei lokale kreftene kan få til, å kome på konsertane, legg Randi Melheim til.

Ho har delteke på festivalen tidlegare og innrømmer at ho ikkje hadde så stor interesse for kongen av rock and roll før ho var med og song.

– Eg hadde eigentleg ikkje noko forhold til Elvis, men så vart eg spurt om å vere med, og det synst eg var spennande. Så eg har fått litt meir sansen for han no. Han var ikkje mi målgruppe då eg vaks opp, men det har blitt betre, smiler ho.

– Eg har på ein måte vakse opp med han eg òg. Han har vore aktuell heile tida, så eg har fått han med meg, men eg har ikkje brukt så mykje tid på han. Men eg gjorde det litt etter at eg var med i fjor. Eg har alltid visst at Elvis er noko spesielt, men det er litt artig å kome litt meir under huda på låtane, og dei er jo utruleg bra, understrekar Helgesen.

Kan kvile på laurbæra

Isak Søraa, Måløy sin eigen Elvis, er i år tilbake på programmet.

– Eg må vere med når det er 40-årsjubileum. Gordon Hendricks og Jakob skal vere med og det kjem nokre kompisar, og så passar det med jobb, så då var det enkelt å seie ja, slår Søraa fast.

– Det viser det som eg har sagt i mange år. Talenta er her, vi må berre få dei fram, seier Søraa, og legg til:

– Eg har vore konge på haugen når det kjem til Elvis så lenge at om her er nokon som vil ta over den trona, så er det flott. Då kan eg kvile. Eg unner nokon andre å oppleve all den moroa dei kan få. Ser ein etter ein ny konge, så skal eg hjelpe til.