– Kyrkjekonserten har i alle år vore ein «høydare» og den har vore veldig populær. Og det trur eg vi kan garantere i år også. Vi har laga eit fantastisk program med eit heilt nytt konsept og nye låtar som mange ikkje har høyrt før, forklarar Helge Hjelle i festivalen.

Ti solistar

Kyrkjekonserten, som har fått namnet Elvis In Church: You Gave Me A Mountain, skal gå føre seg torsdag.

– Vi har aldri hatt med oss så mange songarar og solistar på kyrkjekonserten. Det blir eit veldig breitt og variert spekter av artistar. For dei som hugsar godt, så var både Gordon Hendricks og Zelimir her i fjor, og dei ville gjerne kome tilbake til kyrkjekonserten, fortel Hjelle.

Trongt på podiet

I tillegg til solistane, har festivalen fått med seg orkesteret Sideshow Bob og deira korgruppe, som har vore på festivalen fleire gonger tidlegare, samt Elviskoret, som består av lokale songarar.

– Det blir nok trongt framme på podiet, og med heile 25 låtar blir dette ein mektig og fantastisk flott konsert, slår arrangørane fast.

På programmet står blant anna songane Why me Lord, How great thou art og You gave me a mountain. Sistnemnde avsluttar kyrkjekonserten.

– Dei resterande 22 songane vil vi ikkje seie noko om. Publikum må få nokre overraskingar når dei kjem, smiler Lars Kjølen i festivalen.

– Vi gler oss veldig til kyrkjekonserten. Det blir alltid ei veldig spesiell og flott atmosfære i kyrkja, seier Hjelle.