– Eg gler meg. Eg likar å høyre på musikk og eg likar Kongen, smiler Lillebø, som er ein musikkentusiast.

Elvisfestivalen og miljøtenesta i Vågsøy har gått saman og invitert personar med utviklingshemming i heile fylket og på Sunnmøre til ein rock and roll-konsert fredag. Dei har også oppmoda deltakarar som likar å synge om å gi beskjed, slik at dei kan få vere ein del av konserten.

Tordag opplyser festivalen at det er 60 personar med følge som er meldt på til konserten.

– Det kjem folk frå Selje, Eid, Stryn og Volda, i tillegg til fleire frå Vågsøy, fortel initiativtakar Lars Kjølen, som er rørt over responsen på det nye tilbodet.

Vil inkludere fleire

Arrangørane sitt mål med konserten er at festivalen skal famne alle.

Inspirasjonen til konserten kom frå ein familie frå Skien.

– I desse tre åra vi har arrangert festivalen har vi opplevd ei mor som kjem frå Skien med to barn med utviklingshemming. Dei har vore med på festivalen, og vi har sett gleda dei har med å vere der. Så då dukka ideen om ein eigen rockekonsert for personar med utviklingshemming opp, forklarar Hjelle.

Arrangerer uansett

Det var komiteen som tok kontakt med miljøtenesta for å høyre om moglegheita for å få til dette.

– Vi er utruleg glade for å ha blitt spurt, og blir sjølvsagt med, fortel Katrine Holvik Skinlo, som er gruppeleiar for miljøtenesta.

Festivalen er veldig glad for at dei har fått med seg miljøtenesta.

Konserten blir anten utandørs eller i teltet. Miljøtenesta skal bidra med å legge best mogleg til rette.

– Vi skal vere med på å planlegge og legge til rette for korleis det er gjennomførbart, slik at alle kan få vere med. Vi skal prøve å førespegle kva det kan vere behov for rundt arrangementet, for at flest mogeleg tilreisande skal få ei god oppleving. Det er ikkje så mykje ekstra som må til, men vi må ha tenkt gjennom kva det kan vere behov for av fasilitetar, seier Holvik Skinlo.