– Det er stor interesse for gatekunstprosjektet. Åtte eigarar av bygg står i kø for å bli ein del av prosjektet her i Måløy. Det er ingen konkrete planar som ligg inne endå, men eg har ein del møter framover med potensielle kunstnarar frå både inn- og utland, fortel leiar for gatekunstgruppa, Tone Holvik-Eriksen.

– Det er spesielt ein som eg ynskjer å arbeide vidare med, som er spesialist på fisk. Det hadde vore kult å få til ein vegg med masse fargerik fisk ein plass, seier Holvik-Eriksen.

Tysdag kveld blei eit måleri av ein fiskar skissa opp på veggen ved Bekka i Gate 1 i Måløy. Holvik-Eriksen er glad for at prosjektet er i gang og trur folk vil kjenne seg igjen i det nye motivet.

Gatekunstgruppa vil vekke nostalgien til innbyggjarane med dette nye kunstverket av ein fiskar, på veggen ved Bekka i Gate 1 i Måløy. Foto: Benedikte Flataker

– Måløy har lange tradisjonar for fiske, så denne mannen kunne ha vore bestefaren til kvar og ein av oss. Vi tenkte det var lurt å byrje med å vekke nostalgien. Så kan vi heller bevege oss i andre retningar etter kvart når folk vert klare for det.

Gruppa som har jobba for å få til ny gatekunst, består av Tone Holvik-Eriksen, Inger Grethe Dalehamn, Gro Flølo, Amund Gotteberg, Laetitia Rosing, Cecilie Hamre og Olav Horn.

– Det er på tide å pynte opp byen, det trengst, seier Amund Gotteberg.

Frir til næringslivet

– Denne kunsten er tilgjengeleg for alle, heile døgnet. Og kunst er viktig. Det er noko som får folk til å snakke saman, seier Bente Jørgensen som bur i huset som får måleriet på veggen.

Ho påpeikar at sjølv om kostnaden kan verke høg, vil verdien og ringverknadane vere langt høgare.

Gatekunstgruppa håpar at næringslivet ser verdien i prosjektet, og vil vere med å hjelpe til med kostnadane.

– Det har ein høg kulturell verdi for folket som bur her, men også for tilreisande og ikkje minst potensielle tilflyttarar. Det er billig marknadsføring.

– Dette er arbeid som vil stå seg lenge, og vere med på å gi sentrum eit skikkeleg løft. Vi vil jo at Måløygata skal vere tøff og moderne, og vise at kommunen satsar på vekst og utvikling, seier Holvik-Eriksen.

Ho legg til at ho er glad for måten kommunen har tatt i mot prosjektet.

– Ein må berre respektere at gatekunst i bybildet kan vere litt nytt og skummelt, men eg har blitt tatt imot med opne armar og gler meg til eit vidare samarbeid med kommunen.

– Tone burde verkeleg rosast for initiativet til prosjektet. Alle kommunar skal vere glade og for at det finnast folk som engasjerer seg og skapar noko positivt, legg Gro Flølo til.

Satsar på opphaldsvêr og vindstille

Dei to kunstnarane som er i gang med sprayboksane i lift oppe i veggen ved Bekka, Gaute Haugland og Stepan «Bares» Markin, har måla ein del saman før, og estimerer at dei vil bruke mellom ti og tolv dagar på å ferdigstille heile veggmåleriet.

– Men det kjem an på vêret. Det er ikkje slik at litt småregn stoppar oss, men vi kan ikkje måle på ein våt vegg. Og vert det mykje vind er det heller ikkje sikkert for oss å halde på oppe i veggen, seier dei.

Gatekunstnarane held til dagleg til i Bergen, der det er eit breitt miljø for slik type kunst.

Dei to tek 35.000 kroner pluss betaling for reise og måling for å designe og dekorere veggen ved Bekka.