– Det er sjølvsagt forteljinga det kjem an på. Men eg får jammen mykje gratis av å bu ein stad der folk framleis har dreis på den gode replikken og det å fortelje kvardagshistorier til kvarandre, smiler ho.

Nyleg sleppte ho si tredje bok, Keeperen og havet, også den prega av oppveksten i kystkommunen.

– Vi treng bøker frå alle miljø og frå alle bakgrunnar.

Ikkje sikkert det skulle bli oppfølgar

I Keeperen og havet treff vi Lena og Trille frå Vaffelhjarte igjen. Men for Maria var det uaktuelt å lage ein oppfølgar berre fordi det gjekk så bra med Vaffelhjarte. Det måtte vere ei historie der å fortelje.

– Det viktigaste var nok at eg etter kvart kjende at eg hadde noko å melde. Og så innsåg eg at eg kunne skrive eit litt annleis bok, slik eg ønska, men utan å finne opp alt på nytt. Og då eg først begynte å prøve, kjendest det rett med ein gong.

Nyleg var det bokslepp på Hakallegarden og mange møtts opp for å helse på og høyre Maria lese frå Keeperen og havet.

Bokmeldingane har vore gode etter at

Keeperen og havet

kom i bokhandlane, og boka er allereie seld til fleire land. Dei to føregåande bøkene,

Vaffelhjarte

og

Tonje Glimmerdal

, har også seld godt både i Norge og internasjonalt – per i dag er Maria gitt ut i 28 land. Begge bøkene har også blitt skrive om for teater,

Valffelhjarte

har blitt TV-serie og Maria har fått mange prisar, mellom anna Brageprisen, Kritikarprisen og Teskjekjerringprisen.

Ho prøver å ikkje lage eit problem av suksessen og forventingspresset.

– Og medan eg skreiv denne boka, så kjende eg veldig at det kjekkaste med å vere forfattar, det er faktisk å sitte for seg sjølv å skrive. Då kosar eg meg.

Samanlikninga med Lindgren

Ein kritikar skriv at Maria skapar eit «lindgrensk univers» i bøkene sine, og fleire andre nemner Astrid Lindgren i same andedrag som Maria sine bøker. Ho, på si side, er litt delt i korleis ho ser på samanlikninga.

– Leseopplevingar med hennar bøker har brent seg fast, og heilt sidan eg skreiv særemne om henne på ungdomsskulen har ho vore viktig. Eg trur nok det var i arbeidet med den oppgåva eg fann ut at dette var noko eg hadde lyst til.

Begge dei to tidlegare bøkene til Maria har blitt teater. Her frå Sogn og Fjordane Teater si framsyning av Vaffelhjarte i Olivinhallen i 2015.

er den første boka Maria Parr har skrive som heiltidsforfattar. Dei to andre skreiv ho medan ho var student.

– Eg er utdanna lektor, men kan ikkje skryte på meg meir enn eit par års erfaring. Men det var fine år!

– Kva er planane framover for deg no? Blir det meir Trille og Lena?

– Nei, no har eg ingen andre planar enn å følgje opp denne boka ei stund. Og eg er nokså sikker på at Trille og Lena skal få forsvinne inn i ungdomstida utan meg.