– Det er meir heimesnikra enn nokon gong – og då meiner eg i positiv forstand. For vi siktar mot same nivå som tidlegare, seier operasjef Kari S. Pavelich.

Ho fortel at responsen frå publikum også er god. Før helga hadde førestillingane selt like bra som i samband med heile hovudproduksjonen i fjor. Då var det riktig nok eit heller dårleg år publikumsmessig med Hoffmanns eventyr på programmet.

Operaen skildrar eit kontrastfullt samfunn med både pietisme og umoral. Frelsesarmeen er ein del av sildemiljøet.

– Premieren på Sildagapet 4. oktober er så godt som utseld. Vi har også selt godt dei andre dagane. Men det er viktig å understreke at det framleis er mange plassar att. Erfaringsmessig sel vi nokre hundre billettar undervegs i operaveka, seier Standal Pavelich.

Har studert Vågsøy

Sildagapet er eit tingingsverk til Opera Nordfjord. Jostein Avdem Fretland frå Lærdal har skrive teksten og Helge Sunde frå Stryn har komponert musikken. Handlinga er lagt til Måløy i samband med det eventyrlege sildefisket på 1950-talet. Brykkjete notbasar, Frelsesarmémøte, sjalusi, ung kjærleik og snurpedans i Turnhallen er nokre av ingrediensane.

– Eg fekk omvising i alle viker og små bygder i heile Vågsøy av lokalhistorikar Terje Sølvberg. Då gjorde eg meg kjend med landskapet, små klyngjer med hus og fekk oppleve nærleiken til ein mektig natur. Sølvberg var også ein av dei som var med på sildeeventyret. Eg har kontakta mange andre som var med, og nokon har også kontakta meg. Det har vore veldig nyttig. Silda påverka heile nordfjordregionen, seier tekstforfattaren.

Avdem Fretland skildrar historia som eit klassisk trekantdrama med to gutar og ei jente.

– Eg måtte ha ei menneskeleg historie opp i all fisken. Hovudpersonane er fiskarbondesonen Håkon frå Silda, notbas-son Guttorm frå Halsør, og Inga frå Gloppen – dottera til ein som kjem til Måløy for å selje sildekasser, seier Avdem Fretland.

Sildekassesnikkar Erling spela av Kristian Krokslett, gjer det meste feil. Her set han gard og grunn over styr i kortspel mot Paul Jacob Helgesen, Knut Sverre Nes og Magne Fremmerlid.

Desse rollene er spela av Eivind Kandal frå Gloppen – solist ved Den Norske Opera i Oslo, Jonas Navarsete frå Sogndal – student i klassisk song ved Norges musikkhøgskole, og Martha Standal Pavelich frå Eid – dotter til operasjefen og kjent frå både popmusikk og musikaloppsettingar lokalt.

Den største hovudrolla er det likevel sunnmøringen Magne Fremmerlid som har. Han har rolla som Bjørn, notbas frå Halsør og far til Guttorm.

– Det er mykje moro, ein lett opera. Men også litt trist sidan Ragnar frå Silda, far til Håkon, druknar, seier operasjefen.

Helgesen med operarolle

På rollelista i Sildagapet finn vi også Paul Jacob Helgesen frå Selje/Eid. Han er med i operakoret, men har også solistrolle.

Helgesen er kjend frå ulike samanhengar, blant anna som del av den musikalske Helgesen-familien i Selje som saman har danna Helgesenkoret. Han spelte også Olav Trygvason i Dragseidspelet i fjor.

Dans er eit fast innslag på Opera Nordfjord. Denne gongen er det Jive som står på repertoaret til dansetroppen trena av Candice Bredesen.

Andre regionale innslag på rollelista er Jeanette Ekornåsvåg Goldstein frå Ålesund, Helga Botn frå Volda og Knut Sverre Nes frå Volda.

Barnekoret tel 17 born, hovudsakleg frå Eid. Også ei gruppe lokale dansarar er med, for å danse jive – ein populær dans på 50-talet.

Scenograf Sunniva Bodvin kom til Eid midt i august for å starte arbeidet med lokale snikkarar. Båtdekket utgjer den største kulissen på scena. Samstundes starta kostymearbeidet på systova i Øyane, leia av Anne Gotaas. 1.–3. september var første øvingshelg i Valhall for koret, barnekoret og solistane Eivind Kandal, Jonas Navarsete og Martha Standal Pavelich. Same helga kom regissør Ronald Rørvik og regiassistent og koreograf Toni Herlofson til Eid.

Alle solistane har vore samla på Eid frå 17.–18. september. 27. september kom orkesteret.

Håkon frå Silda og Inga frå Byrkjelo i heit omfamning, men i bakgrunnen lurer Guttorm frå Halsør.

Dei siste dagane inn mot premieren har vore intense øvingsdagar med heile ensemblet til stades.

– Noko som er nytt i år er at solistane brukar mikrofon. Dette er noko som ikkje er så vanleg i klassisk opera, men vi har valt å gjere det i år fordi det er så mange detaljar i teksten som er viktig å få med seg. Difor får det heile eit visst preg av musikal, seier Kari Standal Pavelich.