– Nær 100 barn og unge deltok i Sommarles i år, og dei har lese til saman 140.000 sider, fordelt på 1.140 bøker! Dette synest vi er skikkeleg bra, seier Janne Mari Hjelle og Tamara Sortland ved Vågsøy Folkebibliotek.

Nytt digitalt opplegg

I fjor deltok det rundt 30 barn. I år altså heile 97.

– I år hadde vi eit digitalt opplegg der ein kunne registrere bøker, samle poeng og få premiar. Vi trur det kan ha bidrege til at barna synest det var endå meir morosamt, seier Hjelle.

Torsdag lagde dei i stand fest for barna som hadde deltatt i kampanjen, og ordførar Kristin Maurstad, sjølverklært lesehest, var til stades og delte ut diplom og premiar.

– Vår familie deltok også på Sommarles, og eg synest denne digitale løysinga verkeleg fungerte. Den var brukarvenleg og gjorde det spennande for barna, seier ho.

Lanserer Vinterles

Og sidan sommarens lesekampanje slo så godt an, lanserer no biblioteket like godt Vinterles. Dette er lagt meir opp som ein slags «lesebingo».

– Inne i rutene står det ulike oppgåver, til dømes at ei bok må begynne på «S», eller at ein må lese ti sider under kjøkkenbordet. Når ein har gjort leseoppgåva, skriv ein inn namnet på boka ein har lese i ruta. Og når ein har fylt ut heile arket, leverer ein det på biblioteket og får premie, forklarer Hjelle.

Vinterles begynte søndag 1. oktober og varer heilt fram til nyttårsaftan.

Tredobla besøkstal

Det er ikkje berre deltakarane i Sommarles som er tredobla. Det har også besøkstala på biblioteket etter at dei flytta i nye lokale i Gate 1.

– Besøket har berre gått rett oppover sidan biblioteket fekk nye lokale. Vi har ikkje heile driftsår å samanlikne enno, men om ein ser på dei 12 siste driftstmånadane i det gamle lokalet mot dei 12 første her i det nye, så har besøket tredobla seg. Det er vi veldig fornøgde med, seier Hjelle.

– Og i tillegg blir biblioteket no brukt til så mange andre ting, arrangement og liknande. Det har blitt ein møteplass, supplerer ordføraren.

Sjå fleire bilete frå arrangementet på fjt.no