Inviterer til jubileumskonsert

Smalsarhorn skulemusikk feirar 35 år i år og markerer dette med ein jubileumskonsert søndag.

Smalsarhorn skulemusikk inviterer til jubileumskonsert i Rugsund kyrkje søndag. Arkivfoto: Siri Kolseth 

Kultur

Konserten skal gå føre seg i Rugsund kyrkje, der også Hornelen Brassband deltek. Dirigent er Fay Løvseth, som har med seg gjestedirigent Jonny Sælemyr.


Sjå kva som skjer i helga:

Halloween-disco og 100-årsmarkering

Denne helga er det mykje å ta seg til med for store og små i Bremanger.

– Eit variert program lar oss møte vinteren med musikk, tekst og andakt, skriv arrangørane som er skulemusikken og soknerådet.

Under arrangementet i kyrkja blir det også hausttakkefest, utdeling av 4-årsbok og kyrkjekaffi. Prest i kyrkja denne søndagen er Tor Grindland.

– Gå ikkje glipp av dette. Smalsarhorn skulemusikk ønskjer deg hjarteleg velkomen, skriv dei i invitasjonen.