– Det var veldig kjekt å vinne to prisar. Det hadde vi ikkje forventa, seier Nora Barstad på laget High Water.

– Samhaldsprisen var gøy å vinne fordi det betyr at vi har fått vist at vi har hatt det veldig kjekt og at vi er ei gruppe. Vi var veldig gode vener frå før alle saman, men no har vi blitt enda nærare, samanfattar ho.

Saltvatn til ferskvatn

Ideen til High Water er å gjere saltvatn til ferskvatn gjennom eit «Solar Desalination House».

– Det er veldig mange som dør i verda i dag fordi dei ikkje har tilgang til reint vatn. Samstundes er det ein veldig stor del av jorda si overflate som består av sjøvatn. Så då ville vi utnytte dette, forklarar Lotte van Oorschot på laget.

Her presenterer Team Water frå Kalvåg Oppvekst med blant andre Sara Larsen (f.v.), Anita Wiktoria og Hedda Sofia Strandberg ideen sin for dommarane som besøkte standen.

Davikarane har utvikla eit «hus» som tar inn sjøvatn, og som ved hjelp av sollys varmar opp og avsaltar vatnet. Resultatet er at ferskvatn kjem ut på andre sida av huset.

– Vi har vore i kontakt med ulike hjelpeorganisasjonar, og dei er interessert i ideen vår, fortel Lotte.

Dei siste fire vekene har elevane arbeidd hardt med prosjektet, og den siste veka er det berre First Lego League som har stått på timeplanen.

– Det er både litt godt og litt trist at det er over, seier Lotte.

Overbeviste i første forsøk

Det var påmeldingsrekord til årets utgåve av teknologiturneringa First Lego League i Operahuset på Nordfjordeid. 19 lag frå Bremanger, Eid, Stryn, Volda og Ørsta var samla for å konkurrere i å ha den beste ideen knytt til «Hydro Dynamics», altså vatn i menneska sitt kretsløp.

Elevane konkurrerte blant anna i å ha det beste prosjektet og den beste marknadsføringsplanen. Sistnemnde konkurranse vann laget Rett Fram frå Svelgen Oppvekst. Dei deltok i teknologiturneringa for første gong i år.

Rett Fram frå Svelgen var med for første gong. Dette gav meirsmak for Gunnstein (f.v.), Amalie Kristin, Oddvin, Leif Olav, Odin og Sigrid Louise som fekk marknadsføringsprisen.

– Det er første gang vi er med, men det blir heilt sikkert ikkje den siste. Dette var enda kjekkare enn eg trudde, seier Sigrid Louise Frøysland.

Rett Fram sin ide var ein applikasjon til datamaskiner eller mobiltelefonar som minner deg om å drikke vatn.

– Veldig mange som sit framfor datamaskina, om det er gamerar eller folk som arbeider på kontor, gløymer å drikke vatn, eller erstattar det med brus eller juice. Poenget med appen er at den skal kome opp på skjermen for å minne deg på at det er på tide å drikke vatn, forklarar Gunnstein Shanker på Rett Fram-laget.

Marknadsføringsideen deira var å henge opp plakatar, men også reklame eller informasjon gjennom sosiale medium. Dei ønskjer også å ha link til appen på vassflasker. Dette likte juryen og påskjønna Svelgen-elevane med ein pris i debuten.

Spenning i robotkøyringa

I Operasalen var det sett opp fire bord med ulike figurar på. Her skulle elevane konkurrere i robotkøyring. Målet er å programmere roboten til å hente, flytte og sette ut ulike element.

Team Rocket Bunny frå Svelgen Oppvekst med blant andre Jonas (f.v.), Gaute, Kristoffer, Sigurd, Hamid og Jonatan gledde seg til å sjå korleis roboten skulle gjere det i konkurransen.

Etter tre innleiande rundar var det duka for kvartfinalar. Dit kom dei lokale laga Team Watermakers (Eid), Rett Fram (Svelgen), Team Propell (Hauge), Team Rocket Bunny (Svelgen), og Team Atlantis (Hauge).

Berre Team Watermakers og Rett fram kom seg vidare til semifinalen. Der måtte Rett Fram takke for seg.

Det var stor spenning blant deltakarane då Team Watermakers frå Eid ungdomsskule gjekk til semifinalen i robotkøyringa. Der vart heimelaget så vidt slått av Volda legoklubb.

I finalen møttest Team Watermakers og Volda legoklubb. Gjennom to rundar konkurrerte dei, og til slutt måtte eidarane sjå seg slått av voldingane.

– Vi bomma på nokre ting, men det var veldig kjekt, samanfatta Team Watermakers.