Fredag sikra ho seg ein plass i finalen av årets The Voice, og er dermed i topp fire i musikkonkurransen.

Andrea fortel at ho ikkje klarer å setje ord på kva som gjekk gjennom hovudet hennar då ho fekk namnet sitt ropt opp først i semifinalen.

– Det er eigentleg heilt svart, før det blir veldig mykje skriking. Det er litt uverkeleg, ler ho.

– Som eg har sagt før er det nærast tortur å stå der og vente på resultatet. Dei sekunda er evig lange.

Andrea kan fortelje at også mentor Yosef var glad for å høyre namnet hennar.

– Han fortalde meg at han vart så glad at han reiste seg opp med ein gong, før han fann ut at han måtte vere litt vaksen og sette seg ned igjen. Det synest eg var litt morosamt, seier The Voice-deltakaren, og legg til at ho fekk ein stor klem av ein stolt mentor etter semifinalen.

Andrea fortel at den komande veka blir intens og stressande, med fullt program kvar dag.

– Det går i øvingar, innspeling og kostymeprøving. I tillegg skal eg på God Morgen Norge på fredag. Ein blir aldri heilt vand med kamera, men eg kjenner meg etter kvart veldig mykje tryggare og gler meg, fortel ho.

– Dei må både passe meg, og vere utfordrande og fengande slik at eg kan få med publikum. Eg vil ikkje røpe låtane endå, men eg trur det blir veldig bra, fortel ho.

Andrea legg ikkje skjul på at ho er begynt å bli sliten, men er klar på at ho skal gjere alt ho kan for å gå til topps i finalen laurdag.

– Eg har ekstremt lyst på platekontrakt, men uansett korleis det går, er dette langt ifrå slutten. No har eg fått vist meg fram, og eg kjenner meg allereie som ein vinnar, fortel Måløy-jenta og legg til at ho er veldig takksam for all støtte.