Snart klart for UKM

Kvar vinter er det duka for dei lokale utgåvene av UKM.

Jentene i bande Nemo frå Rugsund gjekk vidare frå UKM i Svelgen i fjor. Frå venstre: Hilde Gulliksen, Torine Storøy Bortne og Eirin Edvardsen. Foto: Bjørn Erik Drabløs 

Kultur

UKM står for Ung Kultur Møtest og er ein møteplass for ungdom og kultur der du kan delta med alle slags kulturuttrykk. Ein kan også delta som konferansier, arrangør og i UKM Media.

– Her kan du vise fram det du brenn for, eller hjelpe andre å bli sett. I UKM er alle kulturelle uttrykk velkomne, anten det er song, fotokunst, cosplay eller moderne dans, skriver UKM på sine nettsider.


Kvar kommune vel under lokalmønstringane ut ungdomar som får representere kommunen på UKM-festivalen Sogn og Fjordane. Kommunemønstringane vert arrangerte i perioden februar til mars, og UKM-festivalen Sogn og Fjordane vert i Høyanger 13.–15. april 2018.

Sogn og Fjordane sender om lag 30 deltakarar frå fylkesfestivalen til den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim 25.–29. juni 2018.

Påmeldingsfristane er ulike i kommunane og i Vågsøy, Selje og Vanylven er fristen i slutten av januar. I Eid er fristen i byrjinga av februar.