Likestilt:

Har med seg mor og dotter på bokprosjekt

Forfattar Lin-Marita Sandvik frå Stårheim har gitt ut si sjette bok om Bjørnen Tor. Til denne boka har ho fått hjelp av mor og dotter.

Indieforfattar Lin-Marita Sandvik (t.h.) frå Stårheim har skrive, tatt bilete til og gitt ut seks barnebøker om Bjørnen Tor, som er inspirert av faren Tor Bjørnar som døydde i 2014. På den siste boka, Bjørnen Tor finn vikingskatten, har ho samarbeidd med mor Anne-Grete Starheim Sandvik og dotter Sunniva Eirin Sandvik (20). Her frå ei samling på bokkafeen Kringla der Sandvik presenterte bøkene sine for dei frammøtte. Foto: Siri Kolseth  Foto: Siri Kolseth

Kultur

– Boka handlar om at Bjørnen Tor finn ein vikingskatt. Eg er frå Stårheim, som har ei rik vikinghistorie, så eg ville lage ein hyllest til bygda ved å dikte inn ein vikingskatt. Mamma brukte å leike nede ved elva på Stårheim då ho var lita og har fortalt om at ho fann ting frå krigen. Eg spann vidare på dette og tenkte på kva som hadde skjedd om ho hadde funne ein vikingskatt. Dottera mi er teiknar, så ho har teikna inn vikingar og mor mi som leika ved elva då ho var lita, forklarar Sandvik.