Opningsdagen vart fullbooka på ti minutt

Etter fleire månadar med førebuingar opnar Aske - gatemat og bryggeri i Eidsgata laurdag.

Øyvind Haugland (f.v.), Silje Øygard og Leon Knapskog har alle solid erfaring som kokkar på høgt nivå. Laurdag opnar dei restauranten Aske i Eidsgata. Arkivfoto: Jørn-Arne Tomasgard 

Kultur

– No er det skikkeleg herleg å opne dørene. Det har tatt meir tid enn vi hadde tenkt, så det blir godt å kome i gang, seier Leon Knapskog, som skal drive restauranten saman med Øyvind Haugland og Silje Øygard.

Interessa for Aske har allereie før opning vore stor og opningskvelden vart fullbooka på ti minutt.


– Det blir veldig spennande. Vi har plass til 30 personar på kvar seating, så vi har invitert til ei lita førpremiere for vennar og familie på fredagen. Då skal vi ha 90 personar innom for å feire og teste at alt fungerer, smiler Knapskog.

Konseptet er tredelt. Det blir ein restaurant der menyen, som består av fire rettar blir bytta ut kvar veke. I tillegg blir det ein gatemat-del der ein også kan bestille take-away. Den tredje delen er eit bryggeri der trioen skal lage sitt eige øl.

– Det blir mat som vi synast er kul. Vi legg sjela vår i alle elementa og ønskjer å vere ein uformell plass der du kan gå for anten ein middag eller for å ta ein øl og ein pommes frites, forklarar Knapskog.