Likestilt:

Skal dirigere kulturframtida

Korsongar, dirigent og kulturskulerektor Grete Berntzen gler seg til ansvaret som følgjer med når ho trer inn i stillinga som ny kultursjef i Bremanger.

Grete Berntzen skal 1. mars starte i jobben som kultursjef i Bremanger. Sjølv med ein ny jobbkvardag vil Berntzen halde fram med å dirigere fleire kor. – Det er noko menneskeleg ved å bruke stemma og det er noko magisk ved å synge saman. Det er kanskje ein naiv tanke, men eg trur at om vi hadde sunge meir saman, så hadde verda blitt ein betre stad, seier 44-åringen, som også er utøvande songar i ensemblet Silisium Vokal. Her frå øving med Kalvåg songlag. Foto: Kjell Aga Ulvestad 

Kultur

– Eg er ikkje redd for ansvar, men det er klart ein er audmjuk for den jobben ein skal gjere. Eg tenker at dette er ei moglegheit for meg til å kunne påverke meir. Så lenge eg føler at eg har noko å bidra med og gode idear, så er eg glad for å få sjansen og tilliten, seier Berntzen, som startar i jobben 1. mars.