Likestilt:

– Eg køyrde i 18 timar frå Rognan til Kalvåg. Eg køyrde på lengsel og kjærleik

– Kjærleik ved første tastetrykk, seier Monica Osborne om møtet med mannen som førte sarpingen frå Rognan til Kalvåg. Der har kjærleiken og kunsten slått rot.

Kjærleiken lokka Monica Osborne frå Sarpsborg til Kalvåg i 2007. I den vesle bygda i Bremanger har også kjærleiken til kunsten blomstra. Monica måler abstrakte måleri og har valt ikkje å gi verka sine namn. – Då legg eg ei føring for kva folk skal sjå i måleriet, seier kunstnaren, som nyleg hadde utstilling på Breman ger sjukeheim. Ho har også lodda ut eit måleri der pengane skal gå til innkjøp av kunst på sjukeheimen. Foto: Kjell Aga Ulvestad 

Kultur

– Eg kjende på meg at han var den rette. Eg sette meg i bilen og køyrde i 18 timar frå Rognan til Kalvåg. Eg køyrde på lengsel og kjærleik, fortel Monica, som møtte sin utkåra første gong ved bensinpumpene i Kalvåg ein kveld i 2009 etter å ha møtt Denis på nettforumet Nettby.