Saman med resten av gjengen i Nemo gjekk Torine vidare til fylkesfinalen i UKM 13--15. april.

– Det var kjempekjekt å kome vidare, over all forventing, seier ho, og peiker på at det er gode moglegheiter for unge til å vise seg fram i Bremanger.

– Bremanger har mange tilbod til oss. Berre i Rugsund, der eg kjem frå, har vi korps, musikkverkstaden og kulturskulen. Der er noko for alle, seier Torine, som synest nivået var høgt under UKM laurdag.

– Det var også mange under 13 som var på scena. Det er tøft gjort. Det hadde ikkje eg turt! smiler Torine som debuterte i UKM-samanheng i fjor.

I UKM Bremanger var det 37 deltakarar denne gongen fordelt på både sceneinnslag og utstilling. UKM blei arrangert på Kulturhuset Heimen på Hauge i Bremanger.