Fekk litteraturpris for Snillionen

 – Prisen betyr ekstra mykje for meg, for eg gir ut bøker såpass sjeldan. Eg har brukt så lang tid på den, så eg er avhengig av at det går bra, seier Arnfinn Kolerud.

Litteraturpris: Etter fem år med pause kom Arnfinn Kolerud med si åttande bok Snillionen. Torsdag fekk han Kulturdepartementet sin litteraturpris for boka, som er gitt ut på forlaget Cappelen Damm. Arkivfoto: Christina Cantero 

Kultur

Forfattaren frå Flatraket i Selje kommune er torsdag i Oslo for å ta imot den høgthengande prisen frå Kulturdepartementet.

 – Å bli nominert er kjekt, men det er surt å bli nominert utan å vinne. Eg er ein dårleg tapar, så det var bra at det gjekk slik, smiler forfattaren.

Det var i den årlege premieringa av årets beste barne- og ungdomsbøker at Kolerud og Snillionen stakk av med litteraturprisen. Prisen er på 50.000 kroner.

Snillionen har fått stor merksemd, og det første opplaget av boka vart utseld og eit andreopplag i pocket er no ute.


 

Om boka skriv juryen mellom anna:

«Personar og hendingar blir skildra på ein detaljrik, levande og humoristisk måte, og med ein alvorleg undertone. Her blir verdiar og moral diskutert utan moralisering. Kolerud får lesaren til å reflektere over kvardagsspråket med overraskande vendingar. Ei underhaldande forteljing om kor vanskeleg det er å vere styrtrik og samstundes eit godt menneske.»

Arnfinn Kolerud (f. 1968) kjem frå Isfjorden i Romsdal og er barne- og ungdomsbokforfattar. Han debuterte med Berre ikkje brøyteplogen kjem i 1996, og han fekk Kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur for denne boka. Den som ikkje har gøymt seg no (2004) har blitt samanlikna med oppvekstskildringane til Tarjei Vesaas. For denne fekk Kolerud Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Guro Sandsdalens litteraturpris, og vart nominert til Brageprisen. Kolerud kjem frå Romsdal, men bur på Flatraket i Nordfjord. Han skriv for både barn og vaksne og liker godt å spele sjakk og besøke barneskular.

For bokåret 2017 var til saman 25 forfattarar, illustratørar, omsetjarar og teikneserieskaparar nominert i sju priskategoriar: Litteraturprisen, Bildebokprisen, Fagbokprisen, Debutantprisen, Illustrasjonsprisen, Oversetterprisen og Tegneserieprisen. Prisar for til saman 325.000 kroner går til sju forfattarar, omsetjarar, illustratørar og teikneserieskaparar.