Innhaldsrik kveld på biblioteket

Onsdag kveld kom Ove Eide til Vågsøy folkebibliotek for å halde eit foredrag om fylkets litterære kanon, etter hans meining.
Kultur

– Ei slik liste reflekterer alltid ein dose subjektivitet og opnar for debatt. Likevel er få i fylke meir kvalifisert enn Ove Eide til å lage ein slik fylkeskanon, skriv biblioteket i ei pressemelding.

Ove Eide er ein norsk forfattar, bokredaktør, pensjonert lektor og foredragshaldar frå Sandane i Gloppen kommune. I mange år har han vore særskilt oppteken av våre lokale forfattarar.

– Med andre ord er han godt kvalifisert til å leie oss gjennom ein presentasjon av tolv skjønnlitterære forfattarar med tilknyting fylket som fortener litt meir merksemd.

Lista inneheld både dei kjende og ukjende – frå Claus Frimann (1746 – 1829) jobba han seg fram til dei nolevande, der vi finn mellom anna Eldrid Lunden (1940 - ) og Hans Sande (1946 - ). Eide tok ikkje med dei som har debutert etter 1990, nettopp for å hevde dei som kanskje har forsvunne ut av litteraturhistoria vår.

Lokale innslag med musikk, song, og høgtlesing gav liv til forfattarskapa som vart presentert. Herdis Holvik, Inga Andal og Klaus Iversen song og las, akkompagnert av Hildegunn Vederhus og Arne Andal. Det vart lest dikt av Jon Tolaas og Jakob Sande og sunge ei salme av Matias Orheim. Ove Eide las sjølv ein rekke utdrag frå dei tolv forfattarane sitt virke.

– Det var godt frammøte til foredraget og i etterkant fekk dei frammøtte sjølv komme med innspel til kven dei meiner høyrer heime på ei slik liste. Lista Ove Eide presentera er datert seint 2016 – det er sist gong den vart endra. Til tross for engasjerte tilhøyrarar her i Måløy dreg Ove Eide vidare til Gloppen 12. mars med dei same namna på lista, heiter det i pressemeldinga.