Ønskjer å starte ein ny festivalserie

Laurdag blir den aller første americanafestivalen arrangert i Gymmen på Nordfjordeid.

Til saman åtte band står på scena når den aller første americanafestivalen blir arrangert i Gymmen på Nordfjordeid laurdag. Foto: Privat  Foto: Privat

Kultur

– Dette er det første arrangementet i ein festivalserie som vi ønskjer å starte. Det er veldig viktig for Malakoff Rockfestival å få opp interessa for å gå på konsert, fortel festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Americanafestivalen er eit lokalt initiativ, som har fått med seg festivalen på laget.


Henter inn «ansiktsløse svensker»

Ghost kommer til Malakoff Rockfestival 2018.

Naustdal fortel at dei valde americana fordi ein har mange lokale band og artistar i denne sjangeren.

– Den strekk seg frå singersongwriter og rock til country. Dei som har kjøpt billett blir nok overraska over kor mange fine musikkinnslag vi har fått med oss, seier han, og fortset:

– Vi har også slått på stortromma og fått med oss Norges absolutt finaste americanaband, Darling West. Dei spelte på storscena på Øya i fjor, og er verdt billetten i seg sjølv.

I tillegg til det nasjonale bandet står fleire lokale band og artistar på scena. Til saman står sju band og innslag frå kulturskulen på programmet.