Garanterer at latteren sit laust på konsert

Laurdag arrangerer Musikkafeen i samarbeid med kulturkontoret i Bremanger konsert med orkesteret Fliflet/Hamre på Svelgen Hotell

Duoen Fliflet/Hamre, som består av Gabriel Fliflet og Ole Hamre, spelar på Svelgen Hotell laurdag. Dei garanterer påfyll av energi og at latteren sit laust. Pressefoto  Foto: Andreas Fliflet

Kultur

– Har du trong til påfyll av energi, bør du finne vegen til Fliflet/Hamre, eit orkester som er noko for seg sjølv. Med trekkspel og trommesett attåt song, melodika og gryter, har Gabriel Fliflet og Ole Hamre skapt ein heilt eigen stil som har begeistra både publikum og kritikarar i lang tid, heiter det i konsertomtalen.

Dei har spelt med andre artistar som Odd Nordstoga, Kari Bremnes, Jan Eggum, Annbjørg Lien, Frode Alnæs og den danske multimusikaren Peter Bastian.


– Rå balkantonar slyngast ut mellom nordiske molltonar, jødiske tristessar og italienske partisanersongar. Publikum vert tekne med på vêrbit norsk allsong – og Harald Sæverud hamnar på 9-takts-kalas hos serbiske sigøynarar, heiter det vidare i omtalen, som blir avslutta med ei stadfesting på at latteren vil sitte laust når dei to set seg som mål å hente verda heim til Bergen.