Gir publikum ei ønskereprise

No er det klart for ønskereprise på teaterframsyninga På lokalet. Teateret kjem til Måløy 9. mars.

Teaterframsyninga På lokalet kjem til Måløy i kveld, fredag, og Nordfjordeid laurdag. Svelgen får besøk 23. mars.  Foto: Bent Are Iversen

Kultur

– I 2016 turnerte danseteateret «På lokalet» rundt omkring på ungdomshus i heile fylket - frå Solund i vest til Feios i aust, frå Stadlandet i nord til Eivindvik i sør. No er det klart for ønskereprise, og denne gongen går turen til dei som blei «veggpryd» i første runde, heiter det i ei pressemelding.


Teateret kjem til Turnhallen i Måløy i kveld, fredag, Valhall på Nordfjordeid laurdag og Svelgen Samfunnshus 23. mars.

– På lokalet løftar teateret ut av kultursalar og inn på forsamlingshus, og vi får sjå korleis desse husa har blitt brukt opp gjennom åra. Sjølv om du såg stykket i første runde, er det ingen grunn til å gå glipp av reprisen, heiter det i meldinga.