– Her på Aske er vi to kvinner og to menn. På Kraftstasjonen i Måløy er kvinnene i fleirtal. Lokalt på dei restaurantane eg kjenner til, opplever eg at det er god balanse. Trenden i bransjen generelt er at det blir meir og meir jamstilling mellom kjønna, og hierarkia på restaurantkjøken er i ferd med å bli viska ut, seier Øygard.

Saman med Leon Knapskog og Øyvind Haugland opna ho restauranten Aske i Eidsgata 20. januar.

– Vi har hatt godt besøk og fått god respons. Det er tilfredsstillande når vi har satsa og halde på med førebuingar sidan august/september, og får så god mottaking.

Glad for norsk lovgjeving

Den tidlegare kjøkensjefen på Bien Restaurant i Bergen var i ein fase der ho etter 17 år ønskte seg ut av byen til meir landlege omgjevnader. Ho er oppvaksen i Valdres. Men stress og seine kveldar i bransjen var ikkje del av vurderinga.

– Eg var ganske vaksen før eg byrja som kokk, 27 år. Faktisk prøvde eg å unngå yrket lengst mogleg på grunn av arbeidstidene. Så eg tok ein bachelor i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen. Men til slutt innsåg eg at det var kokk eg ville vere. Det har vore ein tøff bransje med mykje jobbing og tøffe arbeidstider, men eg føler strenge arbeidsmiljølover har betra situasjonen. For rekrutteringa er det avgjerande med gode system.

– Jobbar med fantastiske menn

– Eg var open for dei fleste stader, men eg var klar på at eg måtte ha med meg nokon. Det måtte vere folk med gode kvalifikasjonar og entusiasme, seier Øygard.

Øygard fortel at ho heile tida har opplevd det som ei styrke å vere kvinne i bransjen. Det einaste tilfellet ho kan kome på der det vart brukt mot henne at ho er kvinne, er frå tida ho jobba i Paris. Men ho innser at denne episoden var samansett av både språkproblem og at ho på det tidspunkt ikkje var moden nok for oppgåvene ho hadde.

Vart klapsa på rumpa

Camilla Laugerud frå Kjølsdalen er kokkelærling på Aske. Ho vann servitør-NM for lærlingar medan ho jobba på Statholdergaarden i Oslo. Ho fortel at i restauranten kan atmosfæren vere annleis.

Laugerud jobba tidlegare som servitør på Kraftstasjonen i Måløy.

– Eg har aldri opplevd negative ting her. Det har nok med at eg i mange tilfelle kjenner gjestene. Yrket er utruleg kjekt og spennande. Det er alle dei kjekke gjestane, gode kollegaer og ein variert kvardag som gjere at ein vel å jobbe i bransjen.