I Thailand blir Songkran feira over tre dagar i april. Vågsøy thaiforeining feira Songkran i Turnhallen i Måløy med dans og mat på søndag.

– Vi var kanskje 50-60 personar for å feire. Vi prøvar å lære barna tradisjonar vi har med kle, språk og mat. Vi kjem frå ulike stader i Thailand, men i dag samlast vi, smiler Duangkamon Husevåg.

Sentralt i feiringa er å velsigne kvarandre med vatn, og under feiringa har ein ulike tradisjonar ein brukar å gjennomføre, som song nam phra og rod nam dam hua.

– Song nam phra er å rense Buddha-statuen. Vi gjer dette ved å forsiktig helle vatn blanda med duft over statuen. Det gjer vi for å bringe lykke og velstand for det nye året. Rod nam dam hua er at dei unge heller vatn på henda til dei eldre, for å hilse, ære dei og vise respekt, fortel Husevåg.

Ohm Kamonarat Husevåg var med på feiringa i Turnhallen, og fortel at den naturleg nok skil seg frå den i Thailand.

– I Thailand er det meir som ein festival, og ein tre dagar lang vannkrig, smiler han.