Kor vender ein seg dersom ein vert skild, mistar jobben eller din næraste døyr og du kanskje akkurat har flytta til Norge og ikkje kan språket så godt endå? Dette var nokre av spørsmåla som vart teke opp då Vågsøy Thaiforeining i samband med den thailandske nyttårfeiringa Songkran arrangerte kurs med ei innføring i norsk rett med hovudvekt på familie- og arbeidsrett i helga.

– Det er viktig for oss som er thaikvinner i Norge å kunne lovane som er her. Språket er ofte eit problem, derfor inviterte vi Kornchawan Thorsen for å halde kurset på thai og norsk, fortel Husevåg.

– Mange som har problem tør ikkje å spørje om hjelp, er redde og kan ikkje rettane sine. Og så er ein kanskje bekymra for dette med språket, seier kurshaldar Kornchawan Thorsen.

Ho har gjennom Juridisk rådgiving for kvinner (JURK) teke kurs som ho reiser rundt og held på frivillig basis.

Duangkamon Husevåg har budd i Norge i snart ti år, og fortel at det er visse skilnader mellom landa:

– I Thailand har ikkje kvinner like mykje makt som menn, men er her det likskap, og det er bra. Alle må ha respekt for kvarandre, seier Husevåg.

– Men det er som eit familiemedlemskap, så i tillegg kjem jo barn og menn. Nokon har budd her i 30 år og nokon berre 4–5 år, seier ho og fortset:

– Det er langt frå Thailand, og vi har lyst å samle oss slik at vi kan halde på kulturen og lære ungane våre språket og kulturen, og ikkje minst lære det vekk til mennene våre. I Måløy samlar vi til dømes inn pengar dersom det er kriser, jordskjelv og slikt, eller samlar inn til buddhisttempel, seier ho.

I helga vart thailandsk kultur også feira med Songkran – thailandsk nyttårsfeiring. Feiringa var i Turnhallen i Måløy.

– Vi er kanskje 50–60 personar her for å feire. Og så prøvar vi å lære barna tradisjonar vi har med kle, språk og mat. Vi kjem frå ulike stadar i Thailand, men i dag samlast vi, smiler Husevåg.