– Miljø er ei oppgåve for festivalen. Viss vi skal bevare fisken i havet må vi jobbe for miljøet, slår dagleg leiar for festivalen, Rita Andal, fast.

At det er ei miljøsatsing vil ein sjå att på fleire måtar under festivalen. Blekkulf vil gå rundt å snakke med barna om temaet og dykkarar skal hente opp søppel som ligg på havbotn i Måløyhopen.

– Når vi har fått opp alt søppelet frå havbotn, vil vi snakke med ungane om korleis vi skal stelle oss til dette. Men det kan sjølvsagt også vere nyttig for foreldra å høyre på, seier den daglege leiaren.

Festivalen blir i år arrangert for sjuande gong.

Vil skape positive opplevingar

Barna står også sentralt i andre delar av årets festival. På programmet står feiring av Eliasbåten som fyller to år, kar med småbåtar på Torget og fiskekonkurranse.

– I alle år vi har arrangert havfiskefestival har vi hatt fokus på barn og ungdom. Vi ønskjer å skape positive minner og opplevingar, som dei kan tenke tilbake på når dei sjølv er i etableringsfasen, forklarar Andal, og fortset:

– 140 barn deltok på fiskekonkurransen i fjor. Her får alle premie. Grunntanken vår er at alle ungar skal få oppleve meistring, læring og leik.

Andal understrekar at det er difor ingen av barneaktivitetane kostar noko å vere med på.

Held basen på Torget

Havfiskefestivalen blir arrangert i samarbeid med Nordfjord Havfiskeklubb, og i fjor vart europameisterskapen i havfiske arrangert samstundes som festivalen gjekk av stabelen. Frå å ha ein festival som over ei heil veke, skal arrangørane no tilbake til å lage ein festival som strekk seg over to dagar.

– Tanken vår er at det skal vere koselege aktivitetar som er kjekke for mange. Det er heile tanken, seier Andal.

Basen for festivalen skal som tidlegare år vere på Torget. Sjølv om festivalen berre strekk seg over to dagar skal teltet, som tidlegare år, pyntast som eit naust.

– Vi har også fått oss eit nytt kjøkken. Tidlegare år har vi selt mykje, og fått veldig gode tilbakemeldingar på maten. Så serveringa er noko vi vil halde fram med, seier Andal.

Har trufaste frivillige

Den daglege leiaren understrekar at festivalen ikkje hadde vore mogleg å gjennomføre utan næringslivet og dugnadsfolket. Støtten er noko arrangørane er takknemlege for.

– Vi er heldige og har hatt veldig mange trufaste og engasjerte frivillige, og vi er alltid ute etter fleire som vil bidra. Festivalen er ikkje eit einmannsshow, og den hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre utan samspelet mellom arrangørar, frivillige og næringslivet som sponsorar, forklarar Andal.