– Det blir ei hitparade med ABBA sin musikk. Dette bandet har halde på i over 20 år og har reist verda rundt med showet sitt, fortel Bjørn Tungevåg i arrangementskomiteen for Måløydagene, som i år blir arrangert 29. juni til 1. juli.

– Det kjem til å ta av

Super Trouper er eit svensk band som har spelt ABBA-låtar saman sidan 1996. Bandet arbeider for å attskape det klassiske lydbilete og opplevingane som kvartetten i ABBA gav publikum på 70-talet. Svenskane har blant anna stått på scener i Thailand, Vietnam, USA, Spania, Nederland, Kypros, Tyskland, Danmark, Finland og Norge

– Dei er veldig populære i Sverige, og kvar gong det er snakk om ABBA blir dei gjerne invitert for å spele. Vi har hatt lyst til å få dei til Måløy i mange år. Vi har hatt Queen-show, og det var formidabelt, men showmessig og stemningsmessig så trur eg dette blir forrykande. Det kjem til å ta av, understrekar Tungevåg, som trur vågsøyværingane vil ta godt imot gjestane frå Sverige.

– ABBA er tidlaust. Dei yngste har sett filmen, og dei eldste har vore på konsert eller følgt dei gjennom karrieren. Alle har eit forhold til ABBA, på same måte som ein har eit forhold til Queen, Elvis og The Beatles. Alle kjenner att musikken, og slik skal det vere på Måløydagene. Det skal vere noko for alle, seier han.

I tillegg til Super Trouper skal artisten Lizz og The Whole Shebang spele denne kvelden.

– Vi jobbar også med noko spennande med tanke på konferansier, men det får bli ein overrasking når det nærmar seg, smiler Tungevåg.

Teltet blir på Torget

Laurdag kveld skal også eldsjelprisen delast ut, og komiteen vil gjerne ha kandidatar.

– Vi vil gjerne ha innspel til nokon som har lagt ned ein ekstra innsats, fortel han.

Alle dei nemnde programpostane skal gå føre seg i teltet, som i år som i fjor blir plassert på Torget.

– Torget er festplassen i Måløy, og i området har ein fasilitetar som tilseier at ein skal få det til der. Torget har vore sentralt under Måløydagene i alle år. I tillegg er jo fordelen at om det mot formoding ikkje skulle blir fint vêr kan vi flytte aktivitetane inn i teltet, seier Tungevåg.

– Vi likte oss på Larsmarka, men i år håpar vi å få til ein hoppeslottpark der. Dette gjer vi for å dra aktivitetane litt ut i den delen av gata, supplerer Tungevåg, som ser fram til arrangementet går av stabelen.

– Dette kjem til å bli ein kanonkveld, og ein av dei kjekkaste kveldane på lenge, lovar Bjørn Tungevåg.