– Det som er nytt i år er at vi også inviterer med andre hobbybilentusiastar til treffet. Om ein køyrer gamal traktor, eller moped eller ein ikkje-amerikansk bil, så er ein hjarteleg velkomne, seier Christian Gulhaugen i Svelgen Amcarklubb.

Klubben har i fleire år arrangert eit stort amcartreff i Svelgen, eit treff for dei som er spesielt interessert i amerikanske bilar.

No slår klubben seg på ein trend dei også ser i resten av landet, og inviterer mykje breiare til treffet.

– Det er slik det er begynt å bli i resten av landet. «Cruising» har opna for at ein har med hobbykøyretøy i alle typar merke. Det er for å få med seg fleire motorinteresserte på leiken, seier Gulhaugen.

«Back to basic»

Fjorårets amcartreff vart eit treff der klubben, som då var 25 år, feira seg sjølve. Det var ein nedtona versjon av tidlegare treff, og det siste med minidrag på Kjelkenes ferjekai.

– I fjor var det eit jubileumstreff, mest for å feire oss sjølve. Vi kjem ikkje til å ha med det som skjer på Kjelkenes ferjekai i år. Folk har meir lyst til å slå leir inne på campen i Svelgen og kose seg der. Back to basic blir slagordet for året treff.

Med det vil klubben ta treffet tilbake til ein type treff der alt går føre seg i Svelgen sentrum. Datoen for årets Svelgentreff er sett til jonsokhelga, 22.–24. juni.

– Vi kjem til å ha motorshow på Firda Billag med ferdigheitskøyring, burning og andre motoraktivitetar. Det er det folk likar, litt blårøyk, motorbrøl, fart og spenning. Vi får ikkje køyrt skikkeleg dragrace på Kjelkenes uansett kva vi gjer, så vi sluttar med det, seier Gulhaugen.

Det blir ikkje street legal eller offroad i Kupa, men motorshow i sentrum blir det. Arkivfoto

Dei gamle mot dei nye

Leiaren fortel om bra med aktivitetar i amcarklubben, som møtast i klubblokale i Breivika ein gong i veka. Klubben tel 32 medlemmar, og han gler seg over at fem ungdomar er kome med den siste tida.

– Og så er det åtte-ti personar i den harde kjernen, seier Gulhaugen.

Laurdagen på treffet blir dagen med flest aktivitetar.

– Temaet for motorshowet blir ein slags «battle» mellom dei gamle hundane og dei nye. Vi skal lage kvar vår motorshowbil, og så truar vi med å stenge dei unge ute av klubben til etter treffet, så dei ikkje får laga betre bilar enn oss, ler Gulhaugen.

Elles blir det premiering av motorshowvinnar, og utstilte bilar, jonsokbål med leik og moro, før det blir dans på Svelgen hotell på kvelden.