«Likestilt – Tilbakeblikk»:

– Kvinner må berre køyre på

Kvar søndag gir vi deg eit tilbakeblikk på sakene som har vore på trykk i samband med reportasjeserien «Likestilt» i Fjordenes Tidende. «Likestilt» ser nærare på kvinner sin kvardag i 2018.

Då Tone Holvik-Eriksen flytta tilbake til Måløy for ni år sidan vart ho frustrert over korleis det såg ut i måløygata. Dette har 29-åringen gjort noko med, og resultatet er to store gatekunstverk, og fleire skal det bli ifølge Holvik-Eriksen. Foto: Marianne S. Rotihaug  Foto: Marianne S. Rotihaug

Likestilt
Kultur

Tone Holvik-Eriksen boblar nær over av kreative idear og tar ikkje eit nei for eit nei. Takka vere dette har Måløy sentrum fått to store gatekunstverk. Og fleire skal det bli ifølge 29-åringen.

– Eg trur gatekunsten gjer enormt mykje med oss som bur her. Den opnar oss opp, gjer oss meir tolerante og meir aksepterande. I byrjinga syns folk det var litt skummelt med graffiti, men no føler eg verkeleg at eg har heile Måløy med meg som heiagjeng. Mykje av Måløy sentrum er ganske kjipt og traust. Eg vil jo bu i eit fargerikt miljø, så då tok eg tak i det sjølv. Eg elskar Måløy og heimplassen min, og difor ønskjer eg at den skal ha ei kul framtid, seier Tone Holvik-Eriksen.

Les meir om «Likestilt» her.

I fjor haust kom det første bidraget til gatekunstprosjektet til 29-åringen fram i lyset, ein fiskar på veggen til Bekka i Gate 1. Nokre månadar seinare vart krabben på veggen til JobbPartner i Måløy sentrum avduka.

– No er det veldig spennande ting på gang. På programmet står kunstverk i Refvik som skal lagast i sommar. Desse kjem mellom anna på grendehuset. I tillegg kjem der nokre nye verk i Måløy sentrum i sommar, forklarar Holvik-Eriksen.

Målet er å utvikle gatekunstprosjektet år for år, slik at det ender opp som ein internasjonal kulturfestival.


Ser for seg minst 30 flere gatekunstverk

Tirsdag ble det andre gatekunstverket i Måløy sentrum avduket. Det er langt fra det siste veggmaleriet man får se i byen, hvis initiativtaker Tone Holvik-Eriksen får det slik som hun vil.

 
Vaks opp i ei «kulturbedrift»

Prosjektdrivaren kjem frå Måløy og har vakse opp i ein kreativ familie.

– Eg har på mange måtar vakse opp i ei «kulturbedrift». Både mamma og pappa er kulturveteranar, og eg hugsar godt at eg vart dragsa med som eit slips på kulturprosjekt som dei har drive. Store delar av oppveksten min var på Vågsberget. Samstundes er pappa ein fantastisk musikar, og det har påverka meg veldig.

Ho trur det er ei blanding av arv og miljø som har gjort til at ho er så kreativ og iderik som ho er i dag.

– Eg har vakse opp i eit hus stappa fullt med musikk og kunst, og i tillegg budde eg i eit veldig kreativt kollektiv i Oslo, der bakgarden var ein arena for gatekunstnarar. Eg elskar den greia der, slår måløyværingen fast.


 

I tillegg til å vere kreativ har Holvik-Eriksen det ho omtalar som eit leiargen.

– Eg er veldig glad i å sette i gang ting, tenke nytt og kreativt i gjennomføringsprosessen. Som nestleiar i Måløy Kunstlag, og sidan eg no har blitt engasjert av Måløy Havfiskefestival som ein slags primus motor så føler eg at eg får brukt evnene mine på ein god måte.

Då 29-åringen flytta tilbake til Måløy for åtte år sidan vart ho nedfor av alle dei grå veggane i sentrum.

– Eg vart frustrert over korleis det såg ut i måløygata. Det var grått og fargelaust. Så eg banka på dørene til politikarar og investorar og fortalde om graffitiprosjektet. Eg møtte skepsis i byrjinga, og måtte difor tenke nytt. Etter at eg lanserte ideen om eit gatekunstprosjekt med utgangspunkt i kystkulturen og historia vår fekk pipa snart ein annan lyd.

Svært få kvinner i bransjen

Ifølge 29-åringen er der ikkje mange kvinner i landet som driv eit slikt gatekunstprosjekt.

– Eg er feminist og trur på kvinnene. Vi må berre køyre på, og aldri tru at vi ikkje kan få til akkurat det vi vil! Eg køyrer på fordi eg veit at folk elskar det, og eg elskar å halde på med det, seier Holvik-Eriksen, som håpar på enda meir støtte til prosjektet i framtida.


 

– Eg har jobba veldig hardt med dette prosjektet heile vegen. Eg brenn for det og har brukt eigne ressursar, så no håpar eg at eg kan få med fleire på laget slik at eg kan fortsette å utvikle prosjektet og verkeleg setje Måløy på kartet. Denne plassen her er gull verdt, men den har ikkje fått den anerkjenninga den fortener. Gatekunsten vil kunne trekke merksemd frå ei heil verd til Måløy, seier Holvik-Eriksen, og viser til eit prosjekt som kunstnarane Dolk og Pøbel gjennomførte i Lofoten i 2008.

– Dette fekk global mediedekning og har det enda. Det har gitt Lofoten ei fantastisk merkevareauke. Den typen ambisjonar har eg for Måløy, slår 29-åringen fast.