Åram PLUSS vil bestå av konsertar i Åram kyrkje på kveldstid torsdag 24. og fredag 25. mai, i tillegg til at det blir litteratur og musikk på Åram skule heile dagen laurdag 26. mai, forklarar festivalsjef Åshild Widerøe i ei pressemelding.

Torsdag speler Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet. Fredag er det duka for vakker og melodiøs kammermusikk med pianist Kato Nogva Flem og fiolinistane Ove Kvangarsnes og Øystein Salhus.

Laurdag blir det så påfyll frå Vanylven si litterære kjelde når Hilde Myklebust frå Syltedalen lanserer diktsamlinga Kvar ein fugl. Vi får også møte lyrikaren i samtale med Jan Inge Sørbø om forfattarskapen. Myklebust har også invitert med seg forfattar Mette Karlsvik og perkusjonist Miki Campins.

Laurdag skal også Maria Parr lese høgt frå Keeperen og havet og Øystein Vidnes fortel om boka Frankenstein eller den moderne Prometevs. Vidnes vil også samtale med forfattar Marit Kaldhol på scena.