Drømmestipendet består av 100 stipend på 15.000 kroner, og Pavelich fekk stipendet i kategorien teater. Det er Eid kommune som har nominert Pavelich.

– Musikalsk teater er hennar store interesse og ho har såleis etter kvart fått ein imponerande CV, full av store roller i ulike musikalar, og no er ho ei av svært få i sin alder som kan slå i bordet med ei hovudrolle i ein profesjonellt oppsett opera, heiter det i nominasjonen.

Pavelich har delte i Opera Nordfjord sine oppsettingar fleire gonger, ho har stått på scena i fleire musikalar, hatt roller i Elskhug og Eksis og fleire gongar delteke på UKM.

I tillegg til dette har ho heilt sidan første klasse spelt piano, fiolin/bratsj, ho har spelt i korps og strykeorkester, og ho har spelt i band. Ho har dansa ballett, hip hop og step, og ho har drive mykje med song.

– Eg får ei god kjensle når eg står på scena, og eg elskar å få og høyre respons frå publikum! Draumen er å formidle ein bodskap, røre og begeistre publikum og å gi dei ei god oppleving - rett og slett å inspirere publikum, skriv Pavelich om seg sjølv.