– Vi syns det er veldig kjekt å få vere med. Vi har vore med på festivalen ein gong før, men då i ei litt meir beskjeden rolle. For tre år sidan spelte vi på dagtid i gata, men da vi så i år fekk spørsmål om å vere med å spele i teltet på kveldstid, så kunne vi ikkje la det gå forbi oss. Det høyrest spennande og kjekt ut, seier leiar i musikklaget, Johan Wåge.

God erfaring med Elvis

Torskangerpoll Musikklag skal saman med bandet Sideshow Bob og deira korgruppe framføre om lag 20 nummer under fredagens hovudshow, Elvis-galla. Her skal fem ulike solistar vere med.

– Vi har eit elvisprogram som vi har reist rundt med i Nordfjord og Sunnmøre. I tillegg har vi vore til Spania og framført delar av det. Det har vi fått veldig gode tilbakemeldingar på. Vi har musikken litt under huda, fortel Wåge.

Musikklaget har hatt med seg Isak Søraa som solist tidlegare, og leiaren fortel at dei har fått gode innspel til korleis musikken skal formidlast.

– Vi håpar det blir ei flott oppleving for publikum, og trur det blir det for oss også. Vi håpar dei tilreisande artistane likar at vi er med, og at vi finn tonen med dei. Det er mange artistar som skal innom scena, så det er veldig spennande, seier Wåge.

Inspirert av symfoniorkester

Inspirasjonen til denne konserten kjem frå London Symphony Orchestra. I byrjinga av juni kjem dei til Oslo Spektrum med songopptak av Elvis Presley som syng sine songar, og orkesteret spelar live til.

– Vi er litt inspirert av dei, samstundes som vi ønskte å gjere noko nytt på festivalen. Difor tok vi kontakt med Torskangerpoll, som var veldig positive til ideen. No blir det 45 menneske på scena som skal gjere alle låtane live. Vi har plukka ut fem av våre toppartistar som skal framføre nokre av det beste på Elvis sitt repertoar, fortel Helge Hjelle i The Norwegian Elvis Festival.

Konserten med Torskangerpoll Musikklag, Sideshow Bob og solistar er det første som står på programmet i festivalteltet Graceland fredag kveld.

– Dette er den første konserten på fredagen i teltet, så her kan dei som skal vere der heile kvelden få med seg ein skikkeleg flott konsert. Det blir i tillegg mogleg å løyse billett til berre denne konserten for dei som ønskjer det, seier Hjelle.

– Her blir det skikkeleg «trøkk». Eg har tru på at dette blir ei fantastisk flott oppleving for alle, understrekar han.