Kvæfjordkake, eller Verdens beste som mange kjenner den som, er ein av Noregs nasjonalkaker. Heime i Stryn er den fast innslag på kakebordet, og 17. mai, blir ikkje heilt det same utan eit stykke Verdens beste.

Dette treng du:

100 g sukker

100 g smør

4 eggeplommer

100 g kveitemjøl

1 ts bakepulver

1 ts vaniljesukker

4 ms mjølk

Dette treng du til marengs:

4 eggekvite + 200 g sukker +

100 g mandlar

Slik lager du kaka:

Pisk smør og sukker luftig og tilsett eggeplommene. Bland mjøl, bakepulver og vaniljesukker i en bolle og tilsett det vekselvis med mjølka. Kle eit bakebrett med bakepapir. Fordel deigen jamt utover. Pisk eggekvitane stive med sukker. Fordel marengsen over deigen. Dryss på hakka mandlar. Steik ved 180 grader midt i omnen til fargen er gyllen. Avkjøl på rist.

Dette treng du til romkrem:

2 eggeplommer + 1 ms sukker

1,5 ms maisenna + 2 dl fløte

Romessens etter smak

2,5 dl kremfløte + 1 ms sukker

Slik lager du romkrem:

Pisk saman eggeplommer, sukker, maisenna og fløte. Kok opp under omrøring. Avkjøl og rør inn romessens. Pisk kremfløyten med sukker og bland den med romkremen. Del kaka i to delar på tvers. Legg den eine på eit fat med marengsen ned og fordel kremen over. Legg på den andre delen med marengsen opp.