– Vi har mange kaier i Kalvåg, og dei kjem det til å bli bruk for på årets Kystfestival. Tema for festivalen er gamle trebåtar, og vi satsar på å fylle hamna med båtar av alle slag, gamle som nye. Vi ventar storinnrykk, og det er tilsett hamnesjef for å ordne med alle som kjem til Kalvåg 3. - 5- august. Helga skal bli ei kosestund for store og små, seier festivalsjef Jannike Brenden Frøyen.

Kalvåg Kystlag arrangerer i år Kalvåg Kystfestival for 13. gang. Kystlaget arbeider for å ta vare på kystkulturen, og i år er det dei gamle båtane som i alle år har spelt ei avgjerande rolle i livet på kysten som blir heidra og gjort stas på.

På visningssenteret i Frøyenhuset blir dette nærmare belyst, og på kaien utanfor vil båtane som kystlaget tek vare på, ligge klare til bruk for dei som vil ta seg ein tur på sjøen.

Fleire til rokonkurransen

Mange kystlag, organisasjonar og privatpersonar som tek vare på gamle båtar, kjem til Kalvåg desse dagane. Det vil sette ein ekstra spiss på rokonkurransen, som i år får fleire deltakarar. I fjor vann eit lag frå Grotle med leigd båt frå Kalvåg Kystlag, med kystlaget på andreplass. I år stiller Grotle-laget med eigen båt, men Kalvåg Kystlag vil ikkje å la dei vinne ein gang til, og satsar på at den nyinnkjøpte vandrepokalen blir verande i Kalvåg.

– Det blir litt av eit syn å sjå mange ærverdige gamle båtar samla her. Vi ventar storinnrykk, så det kjem til å bli liv og røre på hamna og i Kalvåg. Kystfestivalen vil som alltid vere ein familievennleg festival med mange aktivitetar for store og små. Vi likar å kalle festivalen for ei kosestund i Kalvåg, i år med spesiell merksemd på båtane, seier Frøyen.

En stor dugnad

Det er medlemmer i Kalvåg Kystlag som med stor dugnadsinnsats står bak kystfestivalen.

– Utan dugnad, ingen festival. Vi er heilt avhengige av dei nærmare 100 av medlemmene, og andre, som er med på dette, basert på dugnad. Det er fantastisk flott at folk stiller opp på dette år etter år, dei første planleggingsmøta byrja vi med rett etter nyttår.

– Programmet for årets festival er så godt som ferdig, det er berre detaljar som står igjen. Dei store suksessane Rorbua og Erotisk Eventyrstund, der folk står i kø for å komme inn, er sjølvsagt med. Rorbua blir leia av Grethe Berntzen og Arvid Langeland. Trond Strand får i år Martine Røys Nesbakk med på Erotisk Eventyrstund.

– Det blir kjekt, eg gleder meg til å få med Martine på dette, seier Trond.

Martine Røys Nesbakk er godt kjent frå scenekunsten, ho hadde mellom anna ei av hovudrollene i Der Båra Bryt.

Konsertar

Årets festival blir noko større enn vanleg, og etter at Kalvåg Kystlag er ferdig med dagens festivalaktivitetar, arrangerer Aktiv Kalvåg konsertar med Åge Aleksandersen fredag kveld og Sigrid Moldestad laurdag kveld. I tillegg til desse, vil fleire andre band delta, og alle konsertane blir på sceneområdet på Knutholmen.

– Kystlaget arrangerer Kystfestivalen og Aktiv Kalvåg/Knutholmen arrangerer konsertane, og vi har eit godt samarbeid om dette, seier Jannike Brenden Frøyen.

Opninga av Kystfestivalen vil som vanleg bli på festivalscena på Amtskaia, der også det populære Festivalkoret skal framføre forestillinga Ta roret, Kjærring! Der blir det overraskingar, lovar dirigent Grete Berntzen.

Som vanleg blir det festivaldagane aktivitetar for store og små, festivalleiaren nemner m.a. leiker for born, båtbygging, rotur, quiz, sjørøvarturar med den 130 år gamle og 25 meter lange seglbåten Svanhild. Det blir trappeløp som vanleg, det er faktisk dei som kjem til Kalvåg denne helga for å delta i trappeløpet.