Namn: Åshild Widerøe

Alder: 50

Adresse: Volda per i dag, men har fritidshus på Sørbrandal ved Åram

Sivilstatus: sambuar

Yrke: lærar

Hobby: akkurat no festival og kulturformidling, men elles strikking, matlaging, lesing, hagearbeid og mykje meir.

Aktuell med: festivalsjef for den nystarta festivalen Åram Pluss.

– Kva er Åram Pluss?

– Det er ein heilt ny festival for litteratur og musikk som går over tre dagar, 24.–26. mai.

– Kven står bak festivalen?

– Det er eg og sambuaren min, Øystein Salhus. Vi har etter kvart fått god tilknyting til området, og har begge bakgrunn frå festivalar og kulturformidling. Vi opplever at folk her går på arrangement og at det er stor kulturinteresse. Då er det gøy å kunne starte noko, og skape gode møteplassar for publikum og kulturutøvarane.

– Kvar på Åram skjer det?

– Åram er ein fantastisk fin plass å ha festival fordi berre nokre få meter frå ferjekaia ligg både kyrkja og den nedlagde skulen der arrangementa skal vere. Åram er som eit knutepunkt der folk lett kan kome frå øyane og frå andre stader på Sunnmøre utan å måtte ta med bilen på ferja. Frå Nordfjord er det jo enkelt å kome seg hit ferjefritt.

– Kva skjer under festivalen?

– Det heile startar torsdag og fredag med kveldskonsertar i Åram kyrkje. Først ut er Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet. Fredag er det klassisk kammerkonsert med Øystein Salhus og fleire. Felles for alle artistane som går igjen i programmet er at dei har tilknyting til området.

– Kva med laurdag?

– Då skjer det mykje på Åram skule. Det blir mellom anna bokmarknad der ein kan finne bokskattar frå biblioteket eller kjøpe nye bøker, og ein kan vinne ein flott bokpremie. Grendelaget arrangerer kafé alle dagane. Skodespelarane Wilhelm Støylen, opphavleg frå Kvamsøy, og Kyrre Eikås Ottersen kjem med eit gjestespel frå Sogn og Fjordane Teater. Forfattar Øystein Vidnes frå Fiskå kjem, og skal samtale med Marit Kaldhol. Jan Inge Sørbø held foredrag om boka Nynorsk Litteraturhistorie, og har med seg boka fersk frå trykkeriet. Maria Parr skal lese frå bøkene sine laurdag kveld, og så er vi så heldige at vi har boklansering. Hilde Myklebust frå Syltedalen har valt å lansere si nyaste diktsamling hos oss. Det heila avsluttast laurdag med heftig tangomusikk.