Det nye prosjektet heiter Grand Alpaca, og er Alexander sitt fyrste soloprosjekt. Låtar blir til i leilegheita og heimestudioet på Grefsen, før han tek det med seg til studio i Oslo i lag med sparringpartnaren Kenneth Ishak. Men det blir nok haust før vi får høyre noko.

– Eg hadde tenkt å sleppe ein singel før sommaren no, men eg ser det kan bli knapt, seier 30-åringen.

Grand Alpaca er ikkje akkurat overraskande eit gitarbasert prosjekt, med røter i amerikansk country (amerikana).

Mange har stifta kjennskap med Hoddevik gjennom suksessbandet Comet Kid. Eit friskt nytt innslag på den norske rockehimmelen, som fort etablerte seg gjennom heile Norge både på klubb- og festivalscener. På det meste spelte dei over 100 konsertar i året, i tillegg til at alle medlemmane hadde full jobb elles.

– Det har blitt mange timar i bil i den gamle Transiten vår. Den førre bilen vi hadde køyrde vi rundt ekvator i lengde, fortel musikaren frå Stad.

Det har blitt mange pølser på bensinstasjonar, og reiserutene har gått gjennom heile landet.

– Vi hadde ambisjonar utanfor landegrensene også, men det fekk vi ikkje til. Så med det gjekk det på motivasjonen laus til slutt. Vi kom ikkje lenger, og det var ei unison avgjerd å legge det heile ned, fortel han etter fleire Rockefeller-konsertar, samt prestisjefylte festivalar som Malakoff, Slottsfjell, Vinjerock og Øyafestivalen. Comet Kid spelte til og med i kronprins Haakon Magnus sitt 40-årslag i 2013.

Slike opplevingar har prega fleire av somrane til Alexander Hoddevik. Her ser fleire tusen publikummarar på Comet Kid sin konsert under Slottsfjellfestivalen. Pressefoto

Sjølv om Comet Kid går over i historia, går så visst ikkje Alexander Hoddevik si musikksatsing same vegen. Den går over i eit nytt prosjekt, altså Grand Alpaca. Eit prosjekt han har skrive låtar til dei siste to åra.

– Det har jo ikkje vore tid til å satse på det skikkeleg før no. Det er kjekt med noko nytt, seier Hoddevik.

Han komponerer, produserer og spelar inn alt sjølv. Sjølv om han har medhjelparar med på instrumenta han ikkje trakterer sjølv, er Grand Alpaca heilt og fullt Alexander sitt prosjekt.

– Det er godt ikkje å måtte ta omsyn til alle rundt lenger. I eit band blir det mange kokkar når alle skal ha eit ord med i laget. Fyrst bandet, så plateselskapet, så eit management og så eit bookingselskap, fortel han.

STUDIOPARTNER: Alexander Hoddevik jobbar i lag med Kenneth Ishak i studio på Youngstorget i Oslo. Ishak er medlem i Oslo-bandet Beezewax.

Alexander Hoddevik sin musikalitet er eit produkt av dei klassiske og tradisjonelle stilartane innanfor populærmusikken, som country, blues og rock.

– Grand Alpaca er gitarbasert med eit hint av americana. Dei som har høyrt det seier at det minner dei om solnedgangen i California. Det er ein fin referanse å få. Når utgangspunktet mitt er americana då, får vi vel kalle dette «californikana», smiler 30-åringen.

Låtane til Grand Alpaca har kome til i både tide og utide, skal vi tru komponisten sjølv.

– Det blir ofte slik når ein har heimestudio. Vi kan sitte å sjå på film, sambuaren og eg, og så kjem ein låtidé som eg berre må få foreviga før eg gløymer den. Då må eg rett inn på heimestudioet og få det spelt inn mens filmen står på pause ute i stova, fortel han.

Bandet består av Alexander Hoddevik (f.h.), Hogne Aasjord, Andreas Kjøll, Svein Inge Bjørkedal og Theodor Peterson.

Etter kvart kjem plata ut, og då vil Alexander ut og spele igjen også.

– Det blir nok ein liten turné når albumet er klart. Akkurat no er det fint å berre sitje å pusle litt sjølv, seier han.

Men fyrst skal altså Comet Kid gjere sin aller siste konsert.

– Det er jo vemodig sjølvsagt. Vi har jo vore litt rundt og spelt vår siste konsert i dei store byane i Norge no denne våren, og folk i publikum står med tårer i auga. Det er spesielt, men det er også fantastisk å kunne avslutte på denne måten. Rockefeller er også utseld snart, og vi skal kose oss på den aller siste konserten vår i lag, avsluttar Alexander Hoddevik.

Alexander Hoddevik satsar no på ei solokarriere med prosjektet Grand Alpaca. Her frå ein konsert Comet Kid hadde i Nordfjordhallen i 2016.