Torsdag 31. mai blir det offisiell opning av vandreutstillinga i foajeen i Operahuset Nordfjord. Utstillinga var presentert opp gjennom trappa til Fjellstua, og denne utstillinga går no som ei vandreutstilling der Operahuset Nordfjord er første stopp, opplyser Rødven Eide.

I utstillinga er fotografi gjennom 100 år representert av eit lite utval gamle fotografar og eit knippe av dei noverande fotografane som er medlem i lauget. Utstillinga vil vere open for alle i operahuset si opningstid og vil vandre vidare først den 18. juni.