– Om du ikkje har fått vore innom det nye skulebygget i Måløy, er dette ein gyllen sjanse

Viser seg fram: Fredag 8. juni er det klart for kulturskulen i Vågsøy sin store Sommarfest. Dette bildet er teke under ei skuleframsyning kulturskulen hadde på Skram skole i 2017 og viser nokre av elevane som då var med. Arkivfoto 

Kultur

Namn: Hildegunn Vederhus

Alder: 42

Adresse: Selje

Sivilstatus: enslig

Yrke: kulturskulerektor og musikar

Hobby: måling, fisketur og lovsong i kyrkja

Aktuell med: rektor i Vågsøy kulturskule som har sommarfest fredag 8. juni

– Kva er Sommarfesten?

– Det er kulturskulen si sommaravslutning. Det blir både konsert og utstilling, og heile kulturskulen får vise fram det som dei har jobba med det siste semesteret.


– Kva vil elevane vise fram?

– Alle fagdisiplinane stiller. Og så har vi nokre spesialgrupper som har gjort ting samen, sett saman band og spillegrupper. Gruppene for visuell kunst har også jobba hardt den siste tida med forskjellige prosjekt. Så det blir mellom anna utstilling av skulpurar og det siste innan utekunst.


– Kven er Sommarfesten for?

– Den er for alle, og alle er velkomne!


– Sommarfesten skal vere på Vågsøy ungdomsskule i år?

– Ja, Vågsøy kulturskule er no samlokalisert med ungdomsskulen, og i år vil vi gje alle sjansen til å sjå våre nye lokale. Om du ikkje har fått vore innom det nye skulebygget i Måløy, er dette ein gyllen sjanse!


– Kor mange elevar er det i kulturskulen no?

– Vi har om lag 140 elevplassar.


– Kven kan gå på kulturskulen?

– Visjonen til kulturskulerådet er at kulturskulen skal vere for alle, men at dei under 19 år er prioritert. Men er det ledig plass, så har vi vaksne med også. Til hausten ønskjer vi også å gi eit tilbod til eldre. Kulturskulen ønskjer å vere eit ressurssenter for alle.


– Har kulturskulen i Vågsøy fornya seg i det siste?

– Ja, for i tillegg til at vi er lærarar er vi også utøvarar, og det er ein spennande kombinasjon. Vi ønskjer å utnytte dette endå meir enn før, og folk kan derfor no leige inn ikkje berre undervisningskompetansen vår, men også framføringskompetansen. Vi har til dømes lagt inn Musikkafeen som vi har på instirusjonane som ein teneste i kulturskulen, og ein kan også få kjøpe fleire tenester av denne typen. Om eit band manglar ein musikar før ein konsert, kan dei leige vår kompetanse, eller om ein frivillig organisasjon som skal ha festival treng musikkkrefter, så kan vi stille. Vi leiger også ut dirigenttenester. Dette tilbudet er inspirert av Flora kulturskule som vi samarbeider tett med.