Stipendet frå Norsk Tipping og Norsk Kulturskuleråd er på 15.000 kroner.

Prisen vart delt ut i Operahuset Nordfjord 7. juni under Kulturskulen i Eid sitt sommarshow.

Pavelich har vore aktiv i kulturlivet i Eid sidan ho var 6 år gammal, både i sang, dans og på piano, bratsj og andre instrument.

Ho har trass i sin unge alder bak seg ei rad hovudroller i musikalar, har vore med i ei rekkje av Opera Nordfjord sine oppsetjingar, mellom anna ei av hovudrollene i operaen "Sildagapet" i 2017. Ho er også med i bandet Indigo Child, som har vore med i landsfestivalen til Ung Kultur Møtes (UKM), vunne drømmestipendet som band og opptrådd i MGP Junior-finalen i 2017.

Martha er denne våren avgangselev ved Eid vidaregåande skule, og er til hausten tatt inn som elev på Brighton Institute for Contemporary Theater Training (BRICTT) i England.