Det største vikingskipet i Norge, Myklebustskipet, blir rekonstruert til vikingsenteret Sagastad opnar i 2019. Fram til då tek Solveig Midtbø deg med på guida omvising der ein kan lære meir om historia bak og sjølve byggjeprosessen.

I år vil ein også kunne sjå treskjeraren som skal smykke ut skipet i arbeid på utvalde dagar. Skipet stammar frå yngre jernalder og restane blei funne i grava til Kong Audbjørn av Fjordane, som vart gravlagt kring 870.

Når skipet er ferdig blir det 30 meter langt og 6,4 meter breitt. I sommarsesongen er det ope tysdag til laurdag frå 23. juni til 11. august. Elles etter avtale.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.