Havsalt sommar:

Strandperla i havgapet

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Refviksanden har fleire gongar blitt kåra til ei av Norges finaste strender. Foto: Janne Weltzien Listhaug 

Kultur

Det er ikkje utan grunn at Refviksanden fleire gongar har blitt kåra til ei av Norges finaste strender. Den 1,5 kilometer lange kritkvite sanden ligg på Nord-Vågsøy med utsikt rett mot storhavet. Her kan ein nyte sommarvêret, ta seg ein dukkert eller prøve seg med surfebrettet om vinden legg til rette for det.

I tillegg til aktivitetar i krystallklart vatn, er det rikeleg rom for både leik, grilling og sosiale aktivitetar på den breie sanden. Refvik Bygdeutvikling sørgjer for campingfasilitetar til tilreisande telt- og bubilturistar på marka rett ovanfor sanden.

Der er også parkeringsplassen for besøkjande, samt sanitæranlegg og kiosk for dei som får lyst på ein kjølande iskrem.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.