Verdskjend sopran kjem tilbake til Totland kyrkje

Musikkutvalget i Vågsøy sokn arrangerer konsert med sopran Johannette Zomer, pianist Jon-Inge Sigerland og organist Alice Teunis laurdag 16. juni.

Johannette Zomer held konsert i Totland kyrkje laurdag saman med Alice Teunis og Jon-Inge Sigerland. Foto: privat 

Kultur

– Konserten er i Totland kyrkje, fortel Alice Teunis i musikkutvalet, og legg til:

– Johannette Zomer er internasjonalt kjend som barokkspesialist og har songoppdrag over heile verda. Ho har hatt ein del framføringar på nederlandsk TV og har dessutan sunge i eit kongeleg bryllup. Og ho er også søstera mi, smiler Alice Teunis som sjølv speler orgel under konserten.

Zomer oppretta nyleg sitt eige orkester, kalla Tulipa-ensemblet. Ho er også ettertrakta som lærar, og driv med meisterklasser, for eksempel i regi av sitt eige Zomer-akademi.

Zomer har sunge i Vågsøy fleire gongar dei siste åra, og har også halde konsertar i Totland kyrkje.