På programmet i Operahuset Nordfjord fredag kveld står innslag av alle dansegruppene i Kulturskulen, både kvar for seg og i ulike samansetningar.

– Det blir også solo og duettinnslag med nokre av dei vidarekomne elevane. Det blir både klassisk ballett og moderne/hip hop, heiter det i invitasjonen frå dansarane.

På programmet står det også musikkteater med alle dansarane, frå dei yngste på fire år og opp til dei eldste og mest vidarekomne.

– I tillegg til eigne danseelevar har vi også med gjester i danseshowet. Frå Selje får vi besøk av born og unge som driv med dans der, og dei vil framføre nokre av sine innslag i danseshowet, heiter det i invitasjonen som blir avslutta med at dansarane gler seg veldig til å vise fram programmet sitt. Dei ønskjer også alle hjarteleg velkomne til danseshowet i operahuset.