– Der er litt stort, det kan vi seie med ein gong, smiler Bente Iren Vonheim, eigar av Kraftstasjonen i Måløy.

Saman med Pizzabakaren frå Stryn skal Kraftstasjonen nemleg serve dei 5.500 festivalgjengarane som bur på campen under Malakoff Rockfestival 19.-21. juli på Nordfjordeid.

– Dette blir ein logistikkjobb, det kan eg trygt seie, men vi gler oss! Det er kjempekjekt!

Burgar, vegetar og vegan

Kraftstasjonen jobbar med menyen dei skal servere frå torsdag til søndag.

Kjøkkensjef Sandra C. Refvik (f.v.), dagleg leiar Andreas Foss Iversen og eigar Bente Iren Vonheim gler seg stort til å servere festivalgjengarane på Malakoff-campen.

– Vi har tenkt på kva ein har lyst på når ein er på festivalcamp og bur i telt. Vi kjem til å ha ein todelt meny der det blir grilling av toast på morgonen og lettare mat. Seinare på dag blir det skikkeleg burgar, bakt potet, vegetar, vegan og glutenfri mat. Og så skal vi ha frukt og kaffi, vi må jo passe på å ha litt alterantiv også, seier Vonheim.

Ho kan avsløre at dei også har kjøpt inn popcornmaskin.

Lokale krefter

I tillegg til at Kraftstasjonen og Pizzabakaren står for serveringa på campen, skal Aske Gatemat og bryggeri ha stand inne på sjølve festivalområdet i Malakoff.

– Det er kjekt at Malakoff brukar oss lokale. Dei kan hente inn kven som helst eksterne, men vel å bruke lokale aktørar, og det synest vi er kjempekjekt!

Vonheim fortel at dei vil halde Kraftstasjonen i Måløy stengd laurdag kveld.

– Erfaringsmessig så har det ikkje vore så mykje aktivitet der under Malakoff Rockfestival, det har vi sett dei siste åra, seier ho.

Hentar inn kokkevenner

Med eit kjøken som held ope frå 08.00 til 03.30 blir det ei hektisk helg for dei tilsette på Kraftstasjonen. Vonheim seier dei treng mykje folk for å fylle opp dei ulike skifta.

– Vi må ha inn ein del folk til dette. Eg har rekna på det, og det er cirka 40 vakter som skal fyllast. Så det blir ein stab på 15 og 20 og nokre må jobbe fleire dagar på rad, seier ho.

Vonheim legg til at venner med kokkebakgrunn blir henta inn for å dekke opp.

– Det blir kjekt å vere der inne. Dei som har vore på campen kjenner til stemninga og blir gira, seier Vonheim.

Ein del førebuing blir det også for kokkane.

– Vi skal lage coleslaw sjølve, så maten blir produkt som vi står for og det blir godt. Mykje i forkant skal lagast opp, forklarar Vonheim.